Hopp til innhold

Politiet: – Helge vart drepen med overlegg

Etterforskinga av dødsfallet til Helge Irgens (61) er avslutta. Politiet ber om at den filippinske kona vert tiltalt for overlagd drap.

Helge Ove Irgens

DØD: Køyrelærar Helge Ove Irgens vart funne død heime på Telavåg i Sund 25. juni i fjor. Politiet meiner kona hans tok livet av han med overlegg.

Foto: BERGENS TIDENDE / HELGE SKODVIN

Den ferdig etterforska saka blir no sendt over til riksadvokaten som skal avgjera tiltalespørsmålet.

Politiet ber om at den 31 år gamle kona til avdøde Helge Irgens (61) blir talt for overlagd drap, skriv Bergensavisen. Strafferamma ligg tett opptil 21 års fengsel.

Det var 25. juni 2014 at Helge Irgens vart funne død heime på soverommet i Telavåg i Sund kommune i Hordaland. Det var den filippinske kona (31) som sjølv melde frå om dødsfallet.

Døde av kullosforgiftning

Over eitt halvt år seinare vart kvinna arrestert på Gardermoen, då ho kom heim frå eit opphald på Filippinane. Sidan har ho vore i varetekt hjå politiet.

Dei fatta mistanke då den endelege obduksjonsrapporten låg føre i september i fjor. Den konkluderte med at Irgens døydde som følgje av kullosforgiftning.

I avhøyr med politiet i april innrømma den 31 år gamle kvinna å ha tatt livet av ektemannen sin.

Mistenkelig dødsfall på Sund

61-åringen vart funne død på soverommet i denne bustaden på Sotra utanfor Bergen i fjor.

Foto: Mette Anthun / NRK

Rettssak etter nyttår

Kvinna meiner drapet skjedde i affekt og at det ikkje var planlagd. Politiet er av ei anna oppfatning.

Dei meiner ho først dopa ned Irgens med medikament, før ho tente på ein grill, lukka dører og vindauge på parets soverom, slik at 61-åringen døde av kullosforgiftning.

Det er riksadvokaten som no har fått den ferdig etterforska saka på bordet. Saka kjem truleg opp for retten ein gang på nyåret, skriv BA.