Hopp til innhold

Trur fleire personar kan sitte på opplysningar

Politiet ønskar kontakt med fleire personar som kan sitte på opplysningar i saka der ei 15 år gamal jente blei heldt fast av ein mann på Sotra.

Sotra
Foto: Oddgeir Øystese

Det var tysdag veka ei 15 år gamal jente skal ha blitt forsøkt bortført av ein mann i ein kvit varebil på Straume i Fjell kommune.

Dagen etter blei jenta kontakta av det som truleg er same mann på nytt.

Ynskjer tips

No ønskar politiet å kome i kontakt med personar som har vore i området ved parkeringsplassen til den gamle gravplassen på Folnes.rundt frå klokka 1520 til klokka 1540 onsdag denne veka.

– Dette anten dei meiner å ha sett jenta, mannen eller bilen, skriv politiet i ei pressemelding.

No ber politiet om at alle som kan ha sett noko om at ta kontakt med politiet på 56 31 58 00.

Mange «lokkemann»-hendingar

Det har vore ei rekke hendingar med forsøk på bortføring eller lokking i Bergensområdet den siste veka. Totalt har det vore fire ulike episodar, tre av dei i Fjell kommune og éi på Askøy.

  • Den første meldinga kom frå Ågotnes i Fjell kommune onsdag 3. september. Guten i barneskulealder blei forsøkt lokka bort til ein bil ved Ågotnes skole.
  • Dagen etter, 4. september blei tre barn forsøkt lokka på Tveit skole på Askøy. Mannen kom ut av skogen og ropte på barna for å få dei bort til seg.
  • Tysdag 9. september skjedde overfallet mot den 15 år gamle jenta i Arefjordvegen på Straume. Ein mann i kvit varebil tok fysisk tak i ho og forsøkte å dra ho inn i bilen.
  • Berre tre timer etter dette blei ein ni år gamal gut forsøkt lokka inn i ein bil ved Knappskog skole, også det i Fjell kommune. Saka dukka opp som eit tips etter at saka om 15-åringen blei kjent.

Politiet har følgjande beskriving av mannen: Han har mørkt hår, lys hud og har hatt på seg mørke pilotbriller. Bilen han køyrde er ein kvit varebil.

arefjordvegen