Hopp til innhold

Politiet tek sjølvkritikk etter dødsulukke

Naudsignal vart sendt like etter at ei kvinne fall utfor kanten på Trolltunga laurdag kveld. Likevel tok det fem timar før redningshelikopter var på plass.

Trolltunga

ARKIVBILETE: Ei 24 år gamal australsk kvinne omkom då ho skulle ut på Trolltunga for å bli tatt bilete av.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vi ser no at eit redningshelikopter burde blitt sendt tidlegare. Det er det ikkje tvil om.

Hans Egil Berge, avsnittsleiar i Hordaland politidistrikt

Hovudredningssentralen i Sør Norge var dei første som tok imot naudmeldinga frå Trolltunga laurdag. Deretter vart politiet knytt til det vidare arbeidet.

I samråd med HRS vart det avgjort at politiet skulle innhente meir informasjon. Redningshelikopteret vart ståande på bakken.

– Vi fordelte raskt arbeidsoppgåver og fann ut kva som kunne gjerast. Eit av verkemiddelene vi bruker er å sende tekstmelding, noko vi nytta her. Men vi er kjend i området og visste at det er få plassar det er dekning her, seier Berge.

Ole Selvåg

FRUSTRERANDE: Ole Selvåg sende ut SOS-melding like etter at ei kvinne fall utfor Trolltunga, men først fem timar seinare kom redningshelikopteret.

Foto: TALE HAUSO / NRK

Vi vart frustrerte då ingenting skjedde, og vi visste ikkje kva vi skulle sei til turfølgjet til kvinna. Det heile var ubehageleg.

Ole Selvåg, meldar

Sende naudmelding etter fall

Litt over klokka 19.00 laurdag kveld kom Ole Selvåg og tre turkameratar til Trolltunga. Her vart dei møtt av ein britisk turist som fortalde dei at ei kvinneleg student hadde nettopp falle frå Trolltunga.

Klokka 19.10 sende Selvåg difor ut SOS-melding via ein Spot GPS-sendar, då det ikkje var mobildekning i området. Gjennom naudmeldinga fekk HRS og politiet nøyaktig posisjon om kor dei var, og informasjon om eigaren av sendaren.

Helikopter på Trolltunga

LANG TID: Det tok fem timar frå HRS fekk naudmelding til helikopteret landa på Trolltunga.

Foto: Espen Mills

– Vi prøvde å roe ned turfølgjet til kvinna med at den forulykka mest sannsynleg var omkomme og ikkje låg skada. Vi fortalde at vi hadde sendt naudsignal og at vi rekna med at eit helikopter ville vere på plass innan 40 minutt til ein time.

Venta på hjelp

Men ingenting skjedde. Etter å ha venta i nesten to timar gjekk dei opp i fjellet for å prøve å finne dekning på telefonen, som dei med ujamne mellomrom greidde.

– Vi fann til slutt dekning og eg fekk varsla sambuaren min at alt gjekk fint med oss. Ho hadde også fått naudvarselet og var uroa. Deretter fortalde eg om kvinna som hadde falle utfor Trolltunga.

Like etterpå tikka det inn tekstmelding frå politiet.

«Hei. Dette er politiet i Bergen. Vi har mottatt melding på at du har løyst ut nødsignal. Kan du bekrefte dette og kva er situasjonen. Hilsen politiet», sendt klokka 20.06.

– Vi bekrefta dette, seier Selvåg.

Klokka 21.19 sende politiet ei ny melding med spørsmål om fleire opplysningar, men då hadde sambuaren til Selvåg allereie kontakta og forklart situasjonen for politiet og fått tilbakemelding at eit helikopter var på veg.

Spot-GEN3

NAUDSIGNAL: Det var sendt ut SOS-melding vida denne Spot-GPS-sendaren. Naudmeldinga gjev nøyaktig posisjon og stad og informasjon om eigaren av sendaren.

Foto: Privat

– Frustrerande

Dei gjekk igjen ned og forklarte at eit helikopter ville vere på veg innan kort tid. Men heller ikkje denne gongen kom det hjelp.

– Vi vart frustrerte då ingenting skjedde, og vi visste ikkje kva vi skulle sei til turfølgjet til kvinna. Det heile var ubehageleg ettersom det virka som at vi var dei einaste norske og at det berre var vi som hadde hatt kontakt med politiet.

Like før midnatt, først fem timar etter at Selvåg hadde sendt ut naudsignalet, kom helikopteret til Trolltunga.

Mange aksjonar ved Trolltunga

Allereie i år har Røde Kors vore på 15 aksjonar til Trolltunga, og politiet har fått fleire meldingar om hendingar i området.

– Det er vanskeleg å vite om det er ein reell naudsituasjon eller ikkje i dette området, då det er ingen dekning på mobiltelefon. I nokre område virke tekstmelding. Vi får mange meldingar, alt frå trøytte turistar som må hentas ned til slike alvorlege hendingar som skjedde no i helga, seier Berge.

Helikopter vert berre nytta i samråd med HRS.

– HRS er åleine om å disponere denne ressursen i redningsoppdrag og frå politiet si side vart det tidleg etterspurt denne ressursen, seier Berge.

– Nytt for oss

Private naudpeilesendarar er ikkje mykje brukt i Norge. For Berge var det første gong i helga at han hadde høyrt at privatpersonar hadde nytta seg av denne i ein naudsituasjon.

– Dette er nytt for oss, men vi trur at privateigde naudpeilesendarar kjem til å auke i omfang i framtida og då er det viktig at vi veit korleis vi skal handtere dette. Difor vil vi no prøve å finne gode løysingar, seier han.

– Vi har ikkje moglegheit til å bruka redningshelikopter på kvar melding

Hans G. Christensen, redningsinspektør

Vurderer kvart tilfelle

– Ein naudmelding frå ein GPS-spot skal bli like mykje vurdert som andre naudmeldingar. Men sidan meldinga kom frå land og ikkje sjø, så var det Hordaland politidistrikt som fekk det vidare ansvaret med å undersøka meldinga, seier Hans G. Christensen, redningsinspektør i Hovedredningssentralen i Sør Norge.

HRS får meldingar om forskjellige situasjonar kvar einaste dag. Berre hos HRS i Sør Norge, kjem det inn rundt 7000 hendingar i året.

– Vi har ikkje moglegheit til å bruka redningshelikopter på kvar melding, men kvart enkelt tilfelle blir vurdert for seg og så følgjer vi dei opp, seier Christensen.

Redningsaksjon på Trolltunga

HJELP TILSLUTT: Like før midnatt kom hjelpemannskap med helikopter til Trolltunga.

Foto: Espen Mills

– Vi skal hente inn rapportane og sjå om vi kunne gjort noko annleis, for vi ønskjer sjølvsagt å kome oss ut så fort som mogeleg når noko slikt skjer.

Vil sjå gjennom eigne rutinar

HRS vil sjå gjennom redningsarbeidet som vart gjort i helga og evaluere arbeidet sitt.

– Vi skal hente inn rapportane og sjå om vi kunne gjort noko annleis, for vi ønskjer sjølvsagt å kome oss ut så fort som mogeleg når noko slikt skjer. Om denne personen hadde vore skada så kunne det sjølvsagt stått om minutt, seier Christensen.

HRS inviterer difor Røde Kors, politiet og dei som melde frå om ulykka ved Trolltunga i helga til evalueringsmøte allereie komande torsdag, fortel dei til NRK i dag.

Glad for snarleg telefondekning

– Sånn som situasjonen er no så er kommunikasjon ei stor utfordring ved Trolltunga, seier Terje Kvalvik, lensmann i Hardanger.

I dag er det ikkje telefondekning ved Trolltunga, men det er no avklart at det skal kome på plass våren 2016.

– Dette vil vere eit stort framsteg og til stor hjelp. Vi kan sjekke og avklare mykje tidlegare om meldingane vi får inn er reelle og kva hjelp og tiltak som trengst, seier Kvalvik.