Hopp til innhold

No må politiet fjerne lenkene frå dei tiltalte

Forsvararen til dei sju narkotiltalte i Bergen tingrett har no fått medhald etter å ha bede om fjerning av hand- og fotlenker på dei tiltalte. – Det er andre måtar å sikre rettssalen på, seier forsvararen.

Lenket på hender og føtter

MÅ FJERNAST: Forsvararane til dei tiltalte begynte kampen mot dette allereie før rettssaka starta førre veke. No har dei fått medhald.

Foto: Magnus Aamo Holte / NRK

Fleire titals væpna politifolk vaktar rettssaka mot dei sju mennene som er tiltalt for å ha frakta fleire kilo amfetamin og om lag 40.000 tablettar med Rivotrol til Bergen. Årsaka var at politiet frykta at uvedkommande skulle forsøke å ta seg inn i rettssalen eller at dei tiltalte skulle gå laus på kvarandre.

Politiet meinte likevel ikkje at dette var nok, og dei tiltalte måtte dermed møte i retten med lenker på både hender og føter. Men no må dei fjerne lenkene, skriv BT.

Fekk medhald i lagmannsretten

Forsvarar Øystein Storrvik bad dommaren oppheve restriksjonane, då han meinte det var i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Då dette ikkje vart teke til følgje, anka han saka til Gulating lagmannsrett, som no har kome fram til at politiet må fjerne lenkene på dei tiltalte.

– Eg synest det er gledeleg, for grunngjevinga her var så generell at den kunne fått konsekvens for veldig mange andre rettssaker. Det er ofte at tiltalte snakkar i mot kvarandre, og dersom ein med den grunn skulle hatt handjern i retten ville vi fått heilt nye tilstandar, så eg synest det er gledeleg at dei droppar det no, seier Storrvik til NRK.

Rettssaka er den mest sikkerheitsprega rettssaka i Bergen nokosinne, og i norsk samanheng er det berre Nokas-saka og 22. juli-rettssaka som kan måle seg i tryggleikstiltak og tal involverte politifolk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lenket på hender og føtter

– KRENKANDE: Forsvarar Øystein Storrvik seier dei tiltalte er svært glade for å sleppe å sitje i retten med hand- og fotlenker.

Foto: Magnus Aamo Holte / NRK

– Ei lette

For dei tiltalte betydde det mykje å sleppe å sitje med lenker i retten.

– Dei reagerte veldig positivt på det, for det var faktisk veldig belastande, og det har blitt opplevd som veldig krenkande for dei, så det var ei stor lette.

Menneskerettsekspert Jørgen Aal, er også blant dei som har reagert på behandlinga av dei tiltalte. Han var samd med forsvararane i at politiet burde finne alternative måtar å sikre rettssalen.

– Det er problematisk. Å bruke lenker inne i retten forstyrrar både den atmosfæren og verdigheita som skal råde inne i rettssalen, sa Aal til NRK.

– Andre måtar å sikre rettssalen på

For Storrvik starta kampen mot lenkene allereie før rettssaka tok til førre veke, men først no har han blitt høyrd i det han meiner er eit svært viktig prinsipp.

– Det er noko med korleis ein kjenner seg når ein vert presentert for ein dommar. Det er veldig viktig å reint fysisk kunne kjenne seg som ein person som faktisk kan vere uskuldig. Sit ein der i handjern og bunden opp så opplever ein ikkje at ein får ei rettferdig behandling. Det er mykje psykologi i det.

Forsvararen seier han er temmeleg sikker på at fjerning av lenkene ikkje vil by på problem med omsyn til tryggleiken.

– Det er andre måtar å sikre rettssalen på. Det har ein klart i stort sett alle saker i Norge hittil, og det trur at ein kan halde fram med å klare.

Men korleis politiet alternativt skal sikre retten vil han ikkje gå inn på.

– Det legg forsvararane seg bort i. Det er politiet sitt ansvar å sikre rettssalen, og det må nesten dei vurdere. Det vi har vore opptekne av er den enkelte tiltalte si oppleving av å kunne sitje på ein ordentleg måte, seier Storrvik.

Gulating Lagmannsrett

OMFATTANDE TRYGGLEIKSTILTAK: I norsk samanheng er det berre Nokas-saka og 22. juli-rettssaka som kan måle seg med rettssaka i Bergen i tryggleikstiltak og tal involverte politifolk.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK