Nasesprayen kan potensielt redde liv. Likevel sa politiet i Bergen i utgangspunktet nei til å ha sprayen med seg når dei patruljerer. Også politiet i Oslo vurderer å ta i bruk sprayen.
LES MEIR: Politiet vil ikkje bruke rus-nasesprayen
No har dei skifta meining. Neste månad får bergenspolitiet opplæring i å bruke Nalokson, og nasesprayen vil mest sannsynleg vere på plass i politibelta denne hausten.
Råd frå rusakutten
Dette skjer mellom anna etter råd frå rusakutten i Bergen. Professor i rusmiddelforsking, Jørgen Bramness, jobbar med eit prøveprosjektet i regi av senter for rus og avhengigheitsforsking. Han trur nasesprayen kan redusere det høge talet på overdosedødsfall i Norge – viss mange nok bruker den.
– Eit av suksesskriteria er å spreie denne sprayen ut blant så mange som mogeleg, slik at han raskt kan takast i bruk. Det er ikkje vanskeleg å bruke han, seier Bramness.
260 døyr kvart år i Norge
Kvar veke krev overdosar fem menneskeliv i Norge. I løpet av eit år er talet 260 personar. Politiet i Bergen ser menneske i overdose nærast dagleg.
Politistasjonssjef Olav Valland i Bergen sentrum seier grunnen til at dei ombestemmer seg og no ynskjer å bruke sprayen er dei høge forventningane frå helsestellet.
– Dei patruljane som er i nærleiken av rusmisbrukarane kan ha dette som ei nødløysing. Vi ynskjer å lytte til Helsevesenet som meiner at nasesprayen kan vere med på å redde liv, seier Valland.
Opplæring i neste månad
Nasesprayen fungerer som ei motgift mot opiat-overdosar, og kan potensielt redde liv. I byrjinga av neste månad får bergenspolitiet opplæring i korleis nasesprayen kan brukast.