Hopp til innhold

Politiet etterlyser Arvid Torset (41)

Han har vore sakna frå heimen sin i Hordvik sidan tysdag 5. mai.

Arvid Torset

SAKNA: Politiet ber personar som har opplysningar ta kontakt med Bergen nord politistasjon på telefon 55 25 55 00 eller 02800.

Foto: Privat

Arvid Torset reiste frå heimen i Hordvik tysdag 5. mai for å dra på jobb. Ingen har fått kontakt med 41-åringen sidan.

Han køyrde ein mørk lilla, nærmast svart Volvo 940 stasjonsvogn, med svart skiboks på taket. Bilen har registreringsnummer SR 89065.

I samråd med familien går politiet no ut med etterlysing med namn og bilete.

Ber om tips i saka

Arvid Torset

SAKNA SIDAN TYSDAG: Arvid Torset (41).

Foto: Privat

Den sakna 41-åringen er 186 cm høg og har normal kroppsbygning.

Han snakkar møre/ trønderdialekt, har nordeuropeisk utsjånad og mørkt brunt, kort hår.

Politiet veit ikkje kva klede sakna hadde på seg.

Arvid Torset har vakse opp i Aure kommune på Nordmøre, der han framleis har familie.

Politiet ber personar som har opplysningar i saka om å kontakte Bergen nord politistasjon. Ein kan ringe med observasjonar av den sakna eller av bilen hans.

Ring politiet på telefon 55 25 55 00 eller 02800.