Hopp til innhold

Politiet vil ikkje bruke rus-nasesprayen

Den skal redde liv, men politifolk på gata går ikkje rundt med den nye nasesprayen mot overdosar. – Dette burde vore ein av politiet sine viktigaste reiskap, meiner ei av dei som alt har redda mange.

Ny nesespray mot overdoser

NYTT TILTAK: Her demonstrerast nasesprayen av Desiree Madah-Amiri (til venstre) og Åse Merete Solheim (til høyre) på Strax-huset i Bergen. Men politiet vil enno ikkje bruke sprayen som helseministeren meiner kan redde liv.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Eg har stått og sett på og venta medan dei set sprøyta fordi dei nektar å redusere mengda. Så har eg slått 113 før overdosen er sett, fortel Anbjørg Eilertsen.

Ho er kjend som «mor i parken,» ei eldsjel i rusmiljøet i Bergen. I fleire år har ho frivillig gått og leita etter dei som treng hjelp. Sidan i sommar har ho gått fast med nasesprayen nalokson i lomma.

Nasesprayen vart lansert av helseminister Bent Høie i sommar, som det nyaste tiltaket mot å hindre overdosedødsfall i Noreg.

– Med nasesprayen kan ein kjøpe tid medan ein ventar på ambulanse, seier Eilertsen.

Ingen politifolk brukar den

Men medan helseministeren meiner nasesprayen skal redde liv, vil ikkje politiet bruke den. Nasesprayen har vore i bruk i to månader, men politifolk på gata har ikkje sprayen som ein del av utstyrsbeltet sitt.

Olav Valland

SEIER NEI: Politistasjonssjef Olav Valland i Bergen sentrum viser til åtvaringar frå helsestellet når han forklarar kvifor politiet ikkje skal gå med nasesprayen.

Foto: Mari Stafsnes Osland / NRK
Nesespray

REDDE LIV: Nasesprayen med nalokson kan potensielt redde folk som har tatt overdose frå døden.

Foto: Straxhuset i Bergen

– Vi vil førebels ikkje utstyre våre folk med dette. Politiet har mange og samansette oppgåver, og dei har utstyr i beltet for det aller meste. Eg er ikkje sikker på om det er forsvarleg at dei skal bere på endå meir utstyr, seier politistasjonssjef i Bergen sentrum, Olav Valland.

Nasesprayen nalokson fungerer som ei motgift mot overdosar, og kan potensielt redde liv. Utdelinga av nasesprayen er del av eit prøveprosjekt frå Senter for rus- og forsking på avhengnad, der Bergen og Oslo deltek.

Sprayen verkar mot opiat som heroin og metadon, som tek flest liv.

Fryktar jag etter ny rus

Nyleg vart Nygårdsparken i Bergen stengt, og den opne russcena i byen skal no knusast. Likevel har politiet saman med helsepersonell vurdert det slik at politifolk ikkje skal gå med nasespray.

Politiet bør få opplæring i å gje nasesprayen med ein gong.

Anbjørg Eilertsen
Narkoman

MANGE DØYR: Rundt 260 personar døyr av overdose i Noreg kvart år.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Valland seier det er best overdosane blir behandla av helsepersonell. Han fryktar også kva som skjer med ein rusmisbrukar som vert «vekt opp» frå ein overdose med nasesprayen.

– Fleire frå helsefagleg hald har meint at det kan ha ein uheldig verknad, ved at dei veldig fort kjem ut av rusen og berre har fokus på ein ting: Å få seg ein ny rus.

Valland vil heller sende overdosetilfelle til rusakutten, der dei får ein oppvakning tett følgt av helsepersonell.

– Ikkje mange døyr i hendene våre

– Er det ikkje ein del av politiet si oppgåve å vere med på å redde liv?

– Jo, og det meiner eg me gjer stadig vekk. Det er ikkje mange som døyr i hendene på politiet. Me har raske og gode rutinar for fyrstehjelp, og for varsling av ambulanse. Det er eit arbeid vi skal halde fram med.

Valland seier dei likevel vil vurdere behovet for å gå med nasesprayen på seg utover hausten.

– Det er ikkje ein vurdering som er hogd i stein. Vi kjem til å sjå nærmare på dette i månadene som kjem. Skal vi gjere dette må det kome ei anbefaling frå helsefagleg hald at politiet går rundt med dette.

Anbjørg Eilertsen

MOR I PARKEN: Anbjørg Eilertsen er kjend som «Mor i parken», og er ei av dei som kjenner rusmiljøet best. Når Nygårdsparken no er stengt trur ho politiet vil kome over stadig fleire opiatavhengige.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Redd overdose-tala vil stige

«Mor i parken», Anbjørg Eilertsen, synst det er veldig synd at politiet ikkje brukar nalokson. Ho meiner fleire bør ta ansvar for å lære kor lett det kan vere å redde liv.

– Politiet kjem no til å ha usedvanleg mange samantreff med opiatavhengige. Det er ei sjølvfølgje. Politiet bør få opplæring i å gje nasesprayen med ein gong, meiner ho.

Eilertsen er redd for at talet på overdosedødsfall vil stige når dei rusavhengige no er spreidd på forskjellige stader i byen, og når fleire set sprøyta åleine og ikkje saman i Nygårdsparken.

– Det er samfunnet som betaler for dei politiet gjer, og for det som rushelsetenesta gjer. Det burde vore ei sjølvfølgje at politiet er utstyrt med dette.