Hopp til innhold

Samla inn 250 000 kroner - må gi pengane tilbake

I 2007 starta Voss krisesenter kronerulling for å kjøpa eit nytt hus til senteret. 250 000 kroner kom inn, men no får givarane pengane tilbake.

krisesenter

I SAMtALE: Dagleg leiar Jill Garen i samtale med ein av brukarane ved senteret som no vert stengt.

Foto: Privat

Det kan bli vanskeleg å få sett inn så små beløp til så mange. Det vil ta lang tid

Styreleiar, Jenny Haugo

Det er sju år sidan leiinga hjå krisesenteret på Voss starta kronerulling for å få pengar til eit nytt hus til senteret. Huset skulle gjera at senteret kunne ta inn fleire brukarar.

Sju år er gått , men huset kom aldri på plass. 1. januar i år la senteret ned, og no veit ingen kva som skjer med pengane. Det var avisa Hordaland som omtala saka fyrst.

Stor givarglede

Det var ikkje mangel på givarglede i bygda då senteret sette i gong kronerulling, fortel styreleiar ved senteret, Jenny Haugo.

– Enormt mange privatpersonar opna lommeboka for å støtte oss. Også næringslivet på Voss var med å støtta.

Totalt vart 250 000 kroner samla inn, men det var ikkje nok til å kjøpe eit nytt hus til senteret.

Styreleiaren fortel at senteret var godt brukt og trur folk bygda såg viktigheita med senteret.

– Me har hatt fulle hus her lenge. Senteret var veldig godt brukt, og det var eit tydeleg behov for oss.

Pengane står på konto

250 000 kroner rikare, men eit krisesenter fattigare. Pengane står framleis på konto, og no er tilbodet er flytta til Bergen.

Pengane har stått der i påvente av kva som skjer vidare med senteret. No når vi legg negg ned var det på tide å ordne opp i dette, fortel dagleg leiar, Jill Garen.

– Heile innsamlingsprosjektet var kanskje ikkje heilt gjennomtenkt i utgangspunktet. No tenkjer me mest på at det er frykteleg trist at krisesenteret vårt forsvinn, fortel Garen.

Vil gi pengane tilbake

Sidan 2007 har pengane stått på ein sperra konto. No vil styreleiaren ordne opp før senteret stengjer heillt.

– Alle dei som har gitt pengar kan no få pengane tilbake.

Men det kan bli vanskeleg i praksis fortel ho.

– Det var jo mange som gav mellom 100 og 200 kroner. Det kan bli vanskeleg å få sett inn så små beløp til så mange. Det vil ta lang tid, seier styreleiaren.

Ho fortel vidare at dei pengane som ingen krevjar tilbake vert brukt til veledige formål.

– Me ynskjer å gje delar av pengane til ei sjølvhjelpsgruppe her på Voss som starta opp i sommar. Resten av beløpet gir vi til andre organisasjonar.

– Det heile er eigentleg veldig trist. Draumen var jo å få eit eige hus til krisesenteret.

Så langt har ingen kontakta senteret for å få pengar att.