Hopp til innhold

Patrik (10) vil gå ned i vekt

Foreldre til overvektige barn tar for altfor lite ansvar, meiner idrettsleiar i Bergen. Ti år gamle Patrik trenar for å gå ned i vekt.

Video Trening for overvektige barn

SJÅ VIDEO: Ti år gamle Patrik slutta på fotballtrening fordi dei andre sprang i frå han. No er han på veg nedover i vekt, med eit spesialtilpassa treningsopplegg for overvektige barn.

Tidlegare i dag fortalde NRK at Nasjonalt råd for fysisk aktivitet meiner aktivitetsnivået blant nordmenn er alarmerande lågt .

Difor vil rådet ha ein nasjonal slagplan for å få folk i betre form.

– Inaktivitet er ein av dei viktigaste risikofaktorane for nesten alle livsstilssjukdommane, som overvekt, diabetes, muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar, seier professor Jorunn Sundgot-Borgen, som er nestleiar i rådet.

Patrik Emil DeMaesschalck Lambrechts

LITT KJIPT: Patrik Emil DeMaesschalck Lambrechts syns ikkje det er kjekt å vera litt for tung.

Foto: NRK

Patrik vil gå ned i vekt

Ti år gamle Patrik Emil DeMaesschalck Lambrechts frå Bergen er tyngre enn han trivest med. Tidlegare spelte han fotball, men etterkvart fekk han problem med tempoet og slutta på trening.

I løpet av nokre år var han gradvis blitt overvektig.

– Før åt eg kanskje litt mykje snop og trente litt for lite. Eg veit ikkje egentlig, seier han sjølv om kvifor han blei tyngre.

– Korleis er det å vera litt større enn dei andre?

– Det er litt kjipt og litt trist, seier Patrik.

Fleire og fleire born slit med det same som Patrik. I 2010 var 19 prosent av tredjeklassingane overvektige, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Spesialopplegg for overvektige

Roger Gjelsvik

KRITISK: Roger Gjelsvik meiner foreldre ikkje tar nok ansvar.

Foto: NRK

No er Patrik i full gang med trening igjen, saman med andre overvektige barn og unge.

Han er ein av mange overvektige barn i Bergen som deltar på treningstilbodet Stor og sprek, som er eit tilbod frå Turn og idrettsforeningen Viking i samarbeid med Bergen kommune.

Dei har følgjande mål for treninga:

  • Eit positivt forhold til trening
  • Barn som har lettare for å bevega seg
  • Auka meistring og glede ved å bevega seg
  • Meir aktivitet i dagleglivet

– Det er eit langsiktig mål at barna skal få eit styrka sjølvbilde og ei kjensle av meistring som dei kan ta med seg vidare i livet. Viss vi greier dette vil vi hjelpa mange barn til eit betre liv, samtidig som vi vil spara samfunnet for store utgifter, seier dagleg leiar Roger Gjelsvik i Viking.

– Foreldre må ta meir ansvar

Idrettsleiaren meiner foreldre til overvektige barn må ta eit mykje større ansvar.

Eva DeMaesschalck

FØLER SKULD: Mora til Patrik føler skuld for at han blei overvektig.

Foto: NRK

– Det er altfor mange foreldre som lar vera å gjera noko for barna sine, sjølv om dei er overvektige. Eg trur at vi må våga å seia frå når vi ser at nokon er overvektige og treng hjelp. Det er ingen som blir fornærma for det, snarare tvert i mot. Det er nesten litt feigt å ikkje seia frå, seier Gjelsvik.

Føler skuld

– Eg går og tenkjer at det er mi skuld at han blei overvektig. Eg kunne tatt han meir med ut på tur, og latt han eta mindre, seier mora til Patrik, Eva DeMaesschalck.

Ho trur det kan vera bra om folk er meir opne om problemet.

– Kanskje vi berre skulle kalla ein spade for ein spade og vera meir opne, seier ho.

No har ho og sonen byrja å trena saman. Og kanskje blir det fotballtrening igjen for Patrik etterkvart.

– Eg veit ikkje. Vi får sjå, seier Patrik.

Les og: Nordnorsk ungdom er feite og uføre | Ungdommar har blitt sju kilo tyngre på 14 år - uroa over utviklinga

Trening i gymsal

FULL FART: Det ingenting å seia på innsatsen i gymsalen i Bergen.

Foto: NRK