Problem for M/F Fjordbas - M/F Fjordbas måtte få hjelp av redningsskøyta «Kristian Gerhard Jebsen». - Foto: Dag Ivar Indrebø / NRK

M/F Fjordbas måtte få hjelp av redningsskøyta «Kristian Gerhard Jebsen».

Foto: Dag Ivar Indrebø / NRK

Panikk blant ferjepassasjerar

Ferja fekk problem med motoren utanfor Bergen.

M/F Fjordbas fekk måndag ettermiddag problem rundt 100 meter frå land ved Hjellestad i Bergen.

– Motoren stoppa, det var full panikk. Me haldt på å krasja i land, me var 40 meter unna då dei slapp ut ankeret, seier ferjepassasjer Richard Nygård til Bt.no .

Hendinga skjedde i 13.30-tida, og M/F Fjordbas kontakta Rogaland Radio for å få undersøkt om båtar i nærleiken kunne hjelpa. Redningsskøyta «Kristian Gerhard Jebsen» blei etterpå rekvirert på normaloppdrag for å slepa ferja.

– Det viste seg at ferja hadde fått motorstopp, og me drog ut for å hjelpa til med å slepa ferja inn til land, seier kaptein Jørn Berg på redningsskøyta «Kristian Gerhard Jebsen.

Kapteinen slapp ned nødankeret

Litt før klokka 15 kunne bilar og folk komma i land ved Hjellestad.

– Ferja var ikkje så langt frå land, så det tok ikkje så lang tid å slepa den inn, seier Berg.

Det er Bergen Nordhordland Rutelag (BNR) som driftar M/F Fjordbas, og rutelaget har måndag ettermiddag fått ein førebels rapport om kva som skjedde.

– Då ferja nærma seg Hjellestad og slakka av før ferjeleiet stoppa motoren. Ferja dreiv fort og maskinisten prøvde å få starta opp igjen. Då det ikkje var mogleg å få starta igjen svingte kapteinen hardt styrbord for å unngå båthamna. Han sprang deretter fram og slapp ned nødankeret, forklarer Trygve Tønnesen, administrerande direktør i BNR.

Passasjerbåt sett inn på strekninga

Tønnesen understrekar at alt blei gjort på riktig måte, og at kaptein og mannskap heile tida hadde 100 prosent kontroll på situasjonen.

– Ferja stoppa med ein gong då nødankeret blei slept. Det kan kanskje opplevast som dramatisk når kapteinen spring fram på denne måten, men det var ingen dramatikk i situasjonen, seier Trygve Tønnesen.

M/F Fjordbas er ei passasjerferje som går mellom Klokkarvik på Sotra og Hjellestad i Bergen. Ferja blei måndag slept til Klokkarvik, der det i kveld blir jobba med å få fiksa motoren. Passasjerbåt er midlartidig sett inn på ferjestrekninga, og BNR håpar å ha ferja på plass igjen tysdag morgon.