Hopp til innhold

Overlevde tolv timar i snøskred

– Plutseleg var eg midt i eit inferno av snø, seier Jan Terje Skutlaberg. Som tiåring overlevde han mirakuløst etter tolv timar i eit snøskred.

Jan Terje Skutlaberg

OVERLEVDE: Skredet gjekk i dette området mellom Såta og Breidarusti på Kvamskogen i Hordaland.

Foto: BT/NRK

Jan Terje Skutlaberg

JAN TERJE SKUTLABERG: Som tiåring overlevde han mirakuløst etter tolv timar i eit snøskred.

Det var påskeaften og strålande sol då Jan Terje Skutlaberg og ein slektning var på skitur mellom Breidarusti og Såta på Kvamskogen i 1951. Alt låg til rette for ein fantastisk dag.

Skutlaberg skulle ta ein snarveg, og dei to skilde difor lag.

– Eg gjekk ned ein bratt bakke, og plutseleg var eg midt i eit inferno av snø. Det var ikkje mogleg å koma unna. Eg fekk ingen forvarsel, seier Skutlaberg til NRK.

Fekk høgrearmen fri

Skutlaberg blei liggande fullstendig fast i snøen.

– Det var ikkje mogleg å røra på seg. Eg fekk problem med å pusta og fekk panikk, seier han.

Men så fekk tiåringen høgrearmen fri, og fekk laga eit lite hol i snøen. Dermed fekk han luft.

Likevel såg han mørkt på situasjonen.

– Eg tenkte at dette var slutten, seier Skutlaberg.

Høyr heile intervjuet med Jan Terje Skutlaberg frå Norgesglasset på NRK P1:

Mange timar i snøen

Dei neste timane veksla Skutlaberg mellom å vera bevisstlaus og vaken.

Han høyrde lydar av skigåarar i snøen, og ropte mange gonger om hjelp. Men truleg har skigåarane vore altfor langt unna til å høyra ropa hans.

Seinare på dagen blei han meldt sakna og leitemannskap blei sendt opp i fjellet for å prøva å finna han. Dei fann etterkvart igjen skisporet frå staden der han og slektningen hadde skilt lag.

Men han måtte venta heilt til etter midnatt før han blei funnen. Då hadde det gått tolv-tretten timar sidan raset gjekk.

Terje Skutlaberg

TOK IKKJE SKREKKEN: Jan Terje Skutlaberg har gått mange turar i fjellet etter rasulykka.

Foto: Rune Sævig/Bergens Tidende

– Eg har eit svakt minne om at det var nokon med hovudlykter som fann meg, seier Skutlaberg.

Han blei sendt med beltevogn til Ungdomsheimen, som var ein kombinert kafe og overnattingstad ikkje langt unna rasstaden. Der blei han blant anna behandla med varme klutar.

Blei ikkje redd for fjellet

Den høgre handa blei frostskadd, men elles var tiåringen utruleg nok uskadd etter den dramatiske rasulykka.

Foreldra hans var redde for guten sin når han var i fjellet etter at dei nesten mista han.

Men sjølv tok han ikkje skrekken, og har seinare gått mange turar i fjellet, både sommar og vinter.

– Men eg har lært å passa meg. Det er heilt sikkert, seier Skutlaberg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det er stor skredfare fleire stader i landet, ifølgje Norges Geotekniske Institutt (NGI).

Les meir om skred og skredfare her: