Hopp til innhold

– Dette er tragisk og forkasteleg

Over 1000 husstandar i Bergen kan miste den kommunale bustøtta dei har i dag. Byrådet trur endringa kan flytte fleire frå trygd til arbeid. – Forslaget vil derimot føre til at fleire må søkje om sosialhjelp, trur leiar for Butreningssenteret.

Siv Myking

TRAGISK: Siv Myking, leiar for botreningsenteret, fryktar at mange uføre vil ende opp som sosialklientar.

Foto: Sølve Rydland

– Vi strevar framleis med å trøyste og forklare etter førre runde då dei mista bustøtta, seier Siv Myking, som leiar kommunen sitt eige butreningssenter for rusmisbrukarar og psykisk sjuke.

Frå første februar gjorde ei statleg regelendring at uføre opplevde kutt i bustøtta. No kan eit forslag frå byrådet om kutt i den kommunale bustøtta gjere at inntekta krympar enno meir for dei som bur i kommunale bustadar.

– Folk kan miste ytterlegare opptil 3000 kr. Vi snakkar no om personar i 30-årsalderen som kanskje skal bli sosialhjelpsmottakarar til dei blir 67 år, seier Myking.

Lite å rutte med

Erik Dahl

SLÅR ALARM: Byombod i Bergen Erik Dahl, åtvarar politikarane mot å kutte i bustøtta og å sende fleire på sosialkontoret.

Foto: Sølve Rydland

Totalt vil 1017 husstandar miste heile bustøtta frå kommunen. Dei som framleis skal få bustøtta må greie seg med eit beløp som svarar til den øvre grensa for å få sosialhjelp. For ein einsleg vil det seie 5700 kroner i månaden.

– Folk har uføretrygd fordi dei er sjuke. At folk plutseleg skal bli friske og gå på jobb fordi dei går ned i inntekt, synest eg er tragisk og forkasteleg, seier Myking.

Kompensera for fjerning

Av kommunen si innsparing på 15 millionar kroner reknar byrådet med at nesten halvparten vil gå med til høgare sosialhjelpsutgifter for å kompensera for fjerninga av bustøtta.

– Dette river det økonomiske grunnlaget under beinet for desse. Mange vil oppleve at dei får ein betydeleg verre økonomisk situasjon. Eg kan ikkje forstå at det er akseptabelt politisk, seier byombod i Bergen Erik Dahl.

Han slår alarm, og åtvarar politikarane mot å kutte i bustøtta og å sende fleire på sosialkontoret.

Fleire frå trygd til arbeid

Sosialbyråd i Bergen Eiler Macody Lund (Frp) seier byrådet må ta grep etter at utgiftene til bustøtte har auka kraftig. Han håpar endringa kan flytta fleire frå trygd til arbeid.

– Vi må hindre vidare vekst i utgiftene og sikre berekraft for måten vi driv bustadpolitikk, seier Lund.

– Er det ikkje i strid med all annan politikk ein driv med å gjere fleire avhengig av sosialhjelp?

– Kommunen tar vekk ei rett, men om vi ikkje gjer dette så er det ingen insentiv for at dei skal kome seg ut av stønaden og i fast jobb, seier Lund.