Osterøy

Ei rekning på 3000 kroner vert det heitaste stridstemaet i Osterøy-politikken i valkampen.

Det er nemleg summen ein familie med tomt på rundt 100 kvadratmeter må betale i eigedomsskatt i året. Rekninga som dumpa ned i ostringane sine postkassar i byrjinga av juni, gjev kommunen 14 millionar i inntekter, men no vil FrP fjerne denne skatten. Det kan dei fort kome til å sanke stemmer på, trur listetopp Ragnar Tyssebotn.

Ingen vil samarbeide med FrP

Frp skapte stor oppstode då dei forlanga at 32 personar skulle fjernast frå administrasjonen på rådhuset. Det er kanskje populært mellom ostringane, men gjer samtidig at ingen andre parti vil samarbeide med dei. Det betyr at FrP må få 14 av 27 kommunestyrerepresentantar om dei skal få ordføraren. I dag har dei fire.

Ordførar Kari Aakre frå Arbeidarpartiet har støtte frå Høgre og Senterpartiet. Dei andre partia som er representert i kommunestyret er Tverrpolitisk samlingsliste, SV, KrF og Venstre. Ein svært høg del av vedtaka i kommunestyret vert gjort samrøystes eller mot Frp sine stemmer.

Tverrpolitisk samlingsliste ute

Tverrpolitisk samlingsliste stiller ikkje liste ved valet denne gongen, så dei andre partia har to fleire representantar å kjempe om. Vallista vart i si tid stifta som eit protestparti mot brua, og har seinare hatt oppretthalding av skulestrukturen som kampsak. Fleire av medlemmene frå lista har meldt seg inn i FrP.

Dyr sjukeheim

Det kjem ikkje til å stå eitt einaste monument att etter Kari Aakre sin første periode som ordførar. På grunn av dårleg økonomi, har kommunen måtta spare på kvar krone, og ingen nye bygg har blitt vedtekne. Framleis slit kommunen med nedbetalinga av sjukeheimen på Hauge, som vart vedteken førre periode. Den kosta 120 millionar kroner, og stod klar i fjor. Kommunen forventa at staten skulle betale ein del av sjukeheimen, men vart sitjande med heile rekninga sjølv.

No har dei byrja å diskutere eit nytt kulturbygg. Og mens ordføraren ønskjer å vidareutvikle fleirbrukshallen i Lonevåg, og byggje konsertsal og teaterscene. Frp vil ha eit heilt nytt kulturhus.

Eigedomsskatten er ei av dei få sakene som skil partia. Det alle er samde om, er at hovudutfordringa er å få fleire personar til å busetje seg på Osterøy.

 

Valstatistikk

Valstatistikk Osterøy