Hopp til innhold

Opplæringsdirektøren fryktar jenteflukt frå Laksevåg

Lærarar og elevar fryktar at gutane vil ta over skulen på Laksevåg om linjene for studieførebuande fag vert fjerna. Opplæringsdirektøren innrømmer at forslaget er utfordrande.

Aksjon

DEMONSTRASJON: Under opplæringsutvalet sitt møte tysdag ettermiddag hadde elevar frå alle dei nedleggingstrua skulane i Bergen møtt opp for å visa sin motstand.

Foto: NRK

– Alle elevane er heilt i mot det. Me er redd skulen blir ein guteskule om me tek vekk tilbod som har trekt til seg jenter, seier elevrådsleiar Magnus Jellestad Hundvin.

I førre veke fortalde NRK at fylkesrådsman Rune Haugsdal vil flytta studieførebuande fag og mediefag til yrkesskulen Årstad vidaregåande for å få eit meir variert elevmiljø.

– Ein skule skal spegla samfunnet. Då må det vera både jenter og gutar og ein bredde i fagtilbodet, seier rektor på Laksevåg vidaregåande, Tove Føsund.

Rektor og elevrådsleiar

UROA: Rektor Tove Føsund og elevrådsleiar Magnus Jellestad Hundvin ved Laksevåg vidaregåande er redd for at skulen deira får ei skeiv kjønnsdeling om forslaget om å legga ned den studieførebuande linja blir vedteke.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

85 prosent gutar

Ho fryktar konsekvensane om tilbodet i studieførebuande fag forsvinn. Gutedelen på skulen kan no verta opp mot 85 prosent.

– Me har lang erfaring med studiespesialisering. Då er det fornuftig å la det bli på Laksevåg og ikkje på ein naboskule.

Høglydte protestar møtte fylkespolitikarane før møtet i opplæringsutvalet på tysdag, før politikarane bestemte seg for å setta heile saka på vent.

– Me håper at om Årstad får eit tilbod som vil treffa fleire kan bli meir attraktiv for elevane, og skapa eit grunnlag for ein interessant skule, seier Haugsdal.

I saksutgreiinga argumenterer fylkesadministrasjonen for at studiespesialisering og kretive fag vil:

«Betra kjønnsbalansen på skulen og gi eit meir variert elevmiljø ved Årstad vidaregåande.» Og «At skulen får eit løft, er særs viktig både med tanke på å (…) motverke fråfallet ved skulen.»

– Kan slå negativt ut

Rektoren på Laksevåg meiner det er eit stort paradoks at forslaget inneber det motsette for Laksevåg, og at skulen kan verta ein rein yrkesskule.

– Det er heilt utruleg. Det høyrer ikkje heime at ein skal flytta tilbodet til ein naboskule.

Opplæringsdirektør i Hordaland, Svein Heggheim, er einig at det kan vera negativt for skulemiljøet på Laksevåg om forslaget blir gjennomført.

– Det er klar at det ikkje er ideelt at Laksevåg i større grad blir ein rein yrkesfagleg skule og får ein annn samansetning av kjønn. Eg ser utfordringa som dei peikar på, seier han.

At han likevel foreslår grepet heng saman med at overkapasiteten på studieførebuande fag er særleg stor i Bergen vest

– Då er det ei utfordring å legga fram eit forslag der ein ikkje gjer noko i vest, samtidig som ein foreslår nedlegging av Fana gymnas i sør.

– Vil gi liten økonomisk gevinst

Å legga ned Garnes vidaregåande og Fana gymnas vil gi ein innsparing på 16, 5 millionar kroner. Endringane på Laksevåg gjev langt mindre innsparing fordi ingen bygg vert til overs.

– Det er ingen økonomisk gevinst ved å legga oss ned, seier Føsund.

Rektoren meiner forslaget som no ligg på bordet vil vera i strid med alt politikarane har sagt tidlegare.

– Då vidaregåande og gymnas var lagt saman fori det vile gi eit betre miljø. Når dei meiner det kan dei ikkje gjera det om att til ein rein yrkesskule.

Endeleg vedtak i skulesaka skjer på fylkestinget sitt møte i desember.