Hopp til innhold

Seniorsaken oppfordrar folk til å lenke seg fast for Johannes (96)

Seniorsaken er lei av at kommunar sender sjuke eldre heim mot si vilje. – Vi oppfordrar til sivil ulydigheit, seier Tore Henning Larsen i Seniorsaken.

Johannes (96) mister sjukeheimsplassen

I KAMP MED KOMMUNEN: Johannes Mehl (96) må flytte heim, trass i at han ønskjer å bli på sjukeheimen. No oppfordrar senioraksjonen til protest mot vedtaket.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

Finn seg ikkje i å flytta heim

VIL IKKJE HEIM: Kommunen har vedteke at Johannes Mehl (96) må flytte heim. Han ønskjer å bli på sjukeheimen.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

Tysdag førre veke fortalde NRK om 96 år gamle Johannes Mehl som blir sendt heim frå sjukeheimen i Rosendal mot si vilje. På same tid står fleire sjukeheimsavdelingar i kommunen tome.

– Dette er heilt fullstendig uakseptabelt. Johannes Mehl skal ikkje sendast heim mot si eiga og familien si vilje. Dette er eit brot på verdigheitsgarantien i lovverket vårt, seier organisasjonssekretær i Seniorsaken, Tore Henning Larsen.

– Vêr ulydige

Tore Henning Larsen

KREV HANDLING: Tore Henning Larsen i Seniorsaken oppfordrar til protest mot vedtaket om å sende Johannes heim.

Foto: Seniorsaken

No oppforar Seniorsaken folk til å protestere mot kommunen sitt vedtak om å sende Mehl heim frå sjukeheimen.

– Vi oppfordrar til sivil ulydigheit, altså å gjere det fysisk umogeleg å flytte Johannes Mehl ut frå Rosendalstunet. For eksempel kan ein lenkegjeng fungere, seier Larsen.

Seniorsaken har trua med både sivil ulydigheit og søksmål mot kommunar dei meiner ikkje har god nok kvalitet på sin eldreomsorg. Dei arrangerer også protesttog og demonstrasjonar.

– Vi høyrer om liknande tilfelle nesten kvar dag. Det er vår oppgåve å klage å gjere folk merksame på dei rettane eldre har. Det er ingen tvil om at Johannes Mehl har rett på sjukeheimsplass, seier Larsen.

Demonstrasjon, Kånene, Seniorsaken

PROTEST: Då Sandnes kommune utsette bygging av ny sjukeheim reagerte Senioraksjonen kraftig.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Nektar å godta vedtaket

Eigentleg var sjukeheimen på Varaldsøy i Kvinnherad den næraste for Mehl. På grunn av dårleg kommuneøkonomi valde kommunen å leggje den ned. Difor fekk 96-åringen plass på sjukeheimen i Rosendal i staden.

Men så snart Mehl er frisk nok, vil han bli sendt heim frå Rosendal også. Dottera, Kirsten Mehl, nektar å godta vedtaket.

– Eg vert bunden, eg kjem meg jo ikkje nokon veg. Eg har hatt det slik i mange år. No har eg sagt ifrå om at eg ikkje vil ha det slik lenger, sa ho til NRK førre veke.

– Aller helst burde han fått plass på Varaldsøy der eg har forstått at det er 14 ledige plassar. Kommunen har altså plass, men manglar politisk vilje til å oppføre seg anstendig, seier Larsen i Seniorsaken.

– Kommunen har plikt til å ordne opp

Det er fleire enn Johannes Mehl som har fått merke kutta i Kvinnherad kommune. Andre eldre har måtte finne seg i å bu på bad og i opphaldsromma på gamleheimane i kommunen.

– Slikt er berre tull. Kommunen har ei plikt til å sørgje for vår omsorg og pleie når vi har behov for det, seier Larsen.

No ønskjer Seniorsaken lovbestemt rett til sjukeheimsplass.

– Før førre stortingsval gjekk ein ut og lova full barnehagedekninga og lovbestemt rett til barnehageplass. Vi krev, forlanger og skal ha same lovbestemte rett når det gjeld sjukeheimsplassar, seier Larsen.

– Dette er ikkje ulovleg

– Fordi det har vore eit sterkt engasjement i denne saka betyr ikkje at alle utsegn som kjem er riktig. Om det blir sagt at vi drive ulovleg så er det feil, seier Sætren.

Rådmannen synest at det å lenke seg fast utanfor sjukeheimen i Rosendal er eit vel drastisk verkemiddel.

– Eg må ærleg vedgå at eg synest det er eit sterkt verkemiddel. Eg har full forståing for at folk blir forarga og engasjerte, men om ein slik situasjon skulle oppstå må vi handtere det der og då. Eg kan ikkje sjå for meg at vi må bruke makte for å utføre tenestene våre, seier rådmannen.

Sætren meiner dialog mellom kommunen og dei pårørande til Mehl er nøkkelen til å finne løysinga i den betente saka.

– Det er den vanlege framgangsmåten for oss. Vi klarer som regel å finne ei løysing alle er tent med.

Kommunen har vore i kontakt med familien til Johannes Mehl over lenger tid, men førebels er dei ikkje komne fram til ei løysing.

– Uverdig situasjon

Dottera til 96 år gamle Johannes Mehl, Kirsten Mehl, har reist vekk heimanfrå. Ho veit at kommunen truleg ikkje sender han heim så lenge ho ikkje er til stades.

– Eg føler meg heilt utsliten. Det er ikkje noko særleg å gå rundt i uvisse. Vi ønskjer fast sjukeheimsplass på Rosendalstunet, og det står vi fast på. Så lenge eg er vekkreist så reknar eg med dei ikkje sender han heim, fortel ho.

Kirsten besøkte faren på fredag. Då sa han at han ikkje var i god form. Han ønskjer også å bli på Rosendalstunet.

– Den noverande situasjonen er uverdig. Dette høyrer ikkje heime nokon plass. Han er 96 år og sit i uvisse om kvar han skal bu neste veke, fortel Kirsten Mehl.

Familien er begynt å sjå andre alternativ. 96-åringen vurderer å søkje om plass i nabokommunen.

– Der skal vere mindre trongt om plassane enn i Kvinnherad. Eg trur kommunen gjorde ein stor feil då dei valde å byggje ned sjukeheimstilbodet i staden for å byggje ut, seier dottera til 96-åringen.