Hopp til innhold

Opp mot to timar ventetid i Hardanger

Statens vegvesen forlengar strekningen dei køyrer med ledebil på fylkesveg 7. – Er du maks uheldig så må du venta i to timar.

Det er to timers ventetetid på å kjøre mellom Fyksesund og Granvin.

Desse dronebilda er tatt i Granvin i går ettermiddag.

Det fortel trafikkoperatør Jan Marøy til NRK like før klokka 18.00. Det har i ettermiddag gått ledebil frå Granvin til Kvanndal, på grunn av mange smale parti på fylkesveg 7 gjennom Hardanger.

Men no har vegvesenet bestemt seg for å forlenga strekninga til Fyksesund bru. Dermed går trafikken i ein retning om gongen over ein strekning på nær 40 kilometer.

– Så er du maks uheldig og ikkje kjem med når ledebilen går, må du rekna med å venta nær to timar, fortel Marøy.

Mindre trafikk i dag

Kø på fylkesveg 7 i Granvin

Køen i Granvin fredag ettermiddag

Foto: Hege Gangdal

Frå Fyksesund bru til krysset mellom riksveg 13/fylkesveg 7 i Granvin tek det kring 40 minutt å køyre, ifølge Google si vegbeskriving.

– Sjølv om det er lang ventetid så slepp ein i alle fall full stopp i trafikken når vogntog møtest på dei trongaste stadane.

Etter at E16 vart stengt på grunn av jordraset i Vaksdal, har trafikantane nok ein gong blitt leia inn på omkøyringsvegen gjennom Hardanger. I går førte det til lange køar i pinseutfarten. Vegtrafikksentralen seier det er mindre trykk i dag.

– Det er langt frå like gale som det var i går. Så får vi sjå korleis det utviklar seg utover kvelden. Det er ein del tungtrafikk på vegen også i dag, avsluttar Marøy.

E16 i Vaksdal er ikkje venta opna før i morgon.

Ledebil i Hardanger