Hopp til innhold

Bussprisen halvert på fleire strekningar: – Det er jo heilt glimrande

BERGEN (NRK): Frå 1. august blir bussprisane halverte fleire stader i Hordaland. – Eg kjem til å ta bussen kvar dag no, seier pendlar Øystein Lid.

Øystein Lid vil ta bussen kvar dag

PENDLAR TIL NY JOBB: Øystein Lid startar i ny jobb omtrent samstundes som bussprisen går ned. – Det er jo heilt glimrande.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Onsdag 1. august vert talet på kollektivsoner i Hordaland redusert frå 470 til 7. Det betyr eit kraftig prisfall for dei som pendlar til dømes mellom Bergen og nabokommunane.

Øystein Lid startar i ny jobb og vert avhengig av kollektivtransport. Han kunne ikkje valt ein betre dag å starta den nye kvardagen som busspendlar på.

– Det er jo heilt glimrande. Eg reknar med at fleire kjem til å reisa kollektivt. Så står det berre att å sjå kor fulle bussane vert, seier han.

Haukeliekspressen i Bergen

BILLEGARE: For reisande i Hordaland blir billettprisen billegare frå og med 1. august.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Prisen blir halvert fleire stader

NRK har fått laga ei liste over nokre utvalde strekningar som viser dei store prisskilnadene på bussbillettane i Hordaland:

Transportpriser før og etter soneomlegging

Strekning

Dagens pris kr.

Ny pris kr.

Os - Bergen

59

37

Norheimsund - Bergen

168

57

Fjell - Bergen

48

37

Sagvåg - Bergen

48

37

Øystese - Bergen

177

57

Vaksdal - Bergen

83

57

Bjørkheim - Bergen

83

57

Tysse - Bergen

95

57

Eikedalen - Bergen

107

57

Fedje (Sævrøy ferjekai) – Bergen

127

37

Odda – Voss

227

57

Ulvik – Voss

107

37

Kinsarvik – Odda

107

37

Etne – Odda

177

37

Knarvik (Lindås) – Straume (Fjell)

48

37

Bjørkheim – Norheimsund

107

37

Samnanger (Bjørkheim)– Eikelandsosen

83

57

Rong – Straume

71

37

Manger – Knarvik

71

37

Fitjar – Leirvik

71

37

Skjellanger (Meland) – Bergen

83

37

Ekspander/minimer faktaboks

Omlegginga er ein revolusjon for passasjerar som tidlegare har måtta forholda seg til eit komplisert prissystem.

– Det blir enklare å finna ut kva billetten kostar, og enklare å kjøpa billett, seier sals- og marknadssjef i Skyss, Hanne Alver Krum.

Vil lokka fleire over på kollektivtransport

Målet med omlegginga er klart: Å få fleire av pendlarane til å velja buss.

Svært få vil difor krysse soner i den nye modellen. Dei aller fleste kollektivreisande, om lag 95 prosent, vil reise innanfor ei sone, ifølgje Skyss sine utrekningar.

– Heile endringa handlar om ei forenkling. Målet er at dei reisande skal oppleva at dei får ein enklare kollektivkvardag. Men dette er ei stor omlegging, så me ber om litt forståing i starten, oppmodar Krum.

Dei nye sonegrensene til Skyss gjeld frå 1. august.

NYE TAKSTSONER I HORDALAND: Slik ser det nye sonekartet for Hordaland ut frå 1. august.

Foto: Skyss

Leiar i samferdsleutvalet i Hordaland, Jon Askeland (Sp), håpar omlegginga vil gi fleire kollektivreisande i heile Hordaland.

– Det er veldig store konsentrasjonar av folk som har mange pendlarar i Stor-Bergen, altså i Nordhordland, på Sotra, på Osterøy og i Os-området. No når systema vert enklare, vonar me at fleire av desse vil velja bussen, seier Askeland.

Forstår reaksjonane i Bergen

Krum trur utrullinga av mobilappen «Skyss billett» for alle hordalendingar vil bety mykje. Frå 1. august kan den brukast av alle i heile fylket.

Dermed kan ein droppa kroner og øre – om ein vil.

– Det blir enklare for veldig mange å kjøpa billett. Dette er kanskje den mest tydelege endringa for dei som pendlar til dagleg.

Hanne Alver Krum, salgs- og markedssjef i Skyss

PRISKUTT: Sals- og marknadssjef i Skyss, Hanne Alver Krum.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Pendlarane inn og ut av Bergen har vore ei av hovudmålgruppene for omlegginga. Og dei vil nytta godt av omlegginga. Men dei som reiser innanfor det som i dag er sone Bergen, kan sjå langt etter priskutt.

– Dei reisande nord, sør og vest for Bergen har vore ei viktig målgruppe bak denne omlegginga. Så er det klart at me forstår at folk reagerer på at prisen i Bergen ikkje blir redusert. Men me håpar også at bergensarane ser dei store fordelane med at dei som pendlar inn til byen vår, gjer det kollektivt og ikkje med bil, seier Krum.

Fylgjer etter Rogaland og Akershus

Jon Askeland

HÅPAR FLEIRE VEL BUSSEN: Målet med omlegginga er å få fleire til å setja bilen att heime, seier Jon Askeland (S), som leier samferdsleutvalet i Hordaland.

Foto: Roy Hilmar Svendsen

Hordaland er seint ute med å endra sonestrukturen. Då Oslo og Akershus endra takstsonene, valde fleire pendlarar frå nabokommunane kollektivtransport framfor personbil. Også i Rogaland vert det meldt om positive effektar.

– Svara me har fått frå Stavanger og Akershus er at dei har hatt til dels stor auke i reisande, og at auken er størst rundt dei store byane og tettstadene.