Hopp til innhold

Omkom i brann i Bergen

Ein person mista laurdag kveld livet i ein brann i eit husvære i Fyllingsdalen i Bergen.

Omkom i Brann i Fyllingsdalen

OMKOM: Politiet stadfestar at ein person omkom i ein brann i Fyllingsdalen i Bergen natt til 1. pinsedag.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det stadfestar politiet.

Dødsfallet skjedde i samband med ein brann i ei leilegheit i ei lågblokk i Dag Hammarskjølds vei. Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 19.25 laurdag kveld.

Røykdykkarar vart sendt inn i husværet i tredje etasje. Ved 19.50-tida var brannen sløkt.

– Det einaste me kan stadfesta er at ein person er omkommen i brannen, seier operasjonsleiar Jan Steimler ved Hordaland politidistrikt.

Ikkje identifisert

Politiet ventar på at personen skal verta identifisert. Ifølgje Bergensavisen skal det vera snakk om ei kvinne. Det stadfestar òg kjelder NRK.no har snakka med.

Dei andre bebuarane i bygget vart ikkje evakuert. Dei andre som budde i huset vart anbefalt å verta verande i leilegheitane sine.

Politiet kan sundag morgon ikkje svara på kva som var årsaka til brannen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.