Det er framleis for tidleg å seie kor store verdiar som gjekk tapt i
, men arbeidet er i gang for fullt med å få oversikt over skadane, fortel oberstløytnant Ivar Moen, presseoffiser ved Forsvarets operative hovudkvarter.LES MEIR:
|– Kolonnekøyring til og frå Haakonsvern
– I heile går kveld og natt var det kolonnekøyring mellom hamna og Haakonsvern, seier Moen til NTB måndag føremiddag.
– Noko av utstyret vart køyrt rett ut på øving, medan anna vart frakta til Haakonsvern for å studere skadeomfanget nærmare. Det er også etablert ein reinsestasjon fordi mykje av utstyret har vorte utsett for røyk og varme og ikkje minst saltvatn, fortel han.
Svei av 70.000 liter diesel
Brannen braut ut under det kraftige uveret langs vestlandskysten natt til søndag. Uveret reiv laus konteinarar med drivstoff og militært utstyr, og 70.000 liter diesel gjekk med i brannen.
Ifølgje Moen kan også utstyr som har stått inne i konteinarar, ha vorte øydelagt i brannen.
LES OG: