– Det står mange lokale tomme no. Det som er utfordrande er den generelle lediggangen og mangelen på etterspurnad i marknaden, seier næringsmeklar Geir Nordstad i Kyte Næringsmegling til NRK.
Han syner fram eitt av dei mange store bygga som nesten berre husar luft for tida. Telenor-bygget på Kokstad står halvtomt etter at Statoil flytta ut.
Oljekrise og arbeidsløyse
Nesten 200.000 kvadratmeter med næringslokale står tomme i Bergen for tida.
Det svarar til fem IKEA-bygg av størrelsen som er bygd i Åsane.
– Det er høgt totalsett. Og det er først og fremst Sandsli og Kokstad som merkar det aller mest, seier dagleg leiar Lars Morten Kyte.
I over 20 år har han drive med næringsmekling i Bergen. Han ser at det er nedgangstidene i oljebransjen som trekk talet på tomme kontor opp.
Mange flytteprosessar
I tillegg poengterer han at det går føre seg fleire store flytteprosessar i byen. Både DNB, Statoil og Statens vegvesen byter kontorlokale for tida, noko som er med å auka talet på tomme kontorlokale kraftig.
– Det har vi aldri før sett i nyare tid, at det kjem så mange store prosessar samstundes, forklarar Kyte.
I tillegg hardnar kampen om å få leigetakarar inn i bygget. Konkurransen er beintøff og prisane går dermed ned.
– Halv pris
Fredrik Stenevik i Eiendomsmegler 1 har nesten ein fjerdedel av alle næringsareal som ligg ut på Finn i Bergen. Til NRK syner han fram eit nybygg på Kokstad der Odfjell Drilling skal inn. Til ein billig penge.
– Det er tilnærma halv pris. Situasjonen er veldig spesiell, seier Stenevik.
– Spesielt på Kokstad og Sandsli akkurat no for augeblinken. Leigeprisane er pressa kraftig ned. Det er leigar sin marknad for tida, legg han til.