Ein app til mobiltelefonen som fortel kva det er greitt å gjera og snakka om i ulike sosiale samanhengar.
Kaos av uforståelege kodar
– Sosial samhandling mellom menneske blir styrt av eit komplisert nettverk av uskrivne sosiale reglar. Dei fleste lærer seg disse reglane intuitivt, og følgjer dei stort sett utan å tenka over det. Men for enkelte er det vanskelig å forstå kva som skjer i slike sosiale samspel. For dei er omverda eit ugjennomtrengeleg kaos av usynlege og uforståelege kodar. Dei må ha hjelp til å orientera seg og vita korleis dei skal opptre, seier seniorrådgjevar Ellen Kleven i Statped Vest.
Ho seier at mange opplever sosiale situasjonar som krevjande og skremmande. Den enklaste løysinga kan då vera å trekkja seg unna. Resultatet blir isolasjon og passivitet.
Derfor har ho utvikla det nye hjelpemiddelet, som er basert på eit fargekode-system og ulike nivå for kor open det er naturleg å vera om personlege forhold.
Mine sirkler
Nivå
Fargekode
Beskrivelse
1.
Lys blå
Jeg alene
2.
Rosa
Familien
3.
Grønn
Venner
4.
Gul
Jobb/skole
5.
Mørk blå
Bekjente
6.
Rød
Andre
Sirklar blir hjelpemiddel
Nivå 1 tilsvarer sentrum i sirkelen nedanfor, og er det mest private og personlege nivået.
Deretter endrar dei sosiale kodane seg utover i sirkelen til ein når nivå 6, som tilsvarer den ytterste ringen i sirkelen. Dei sosiale krava blir strengare jo lenger ut i sirklane ein kjem, og den ytterste (nivå 6) er mest offentleg.
I applikasjonen er sirklane tomme, og brukarane legg sjølv inn det dei må huska på.
RYDDAR I KAOSET: Sirklane viser ulike nivå av sosiale samanhengar.
Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK
TRYGGARE: Bjørn Kato Sjøstrand er blitt tryggare med det nye hjelpemiddelet.
Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK
Skal rydda i kaoset
– "Mine sirklar" er eit slags sosialt adferdskart som forsøkjer å rydda opp i noko av det sosiale kaoset som mange opplever. Det er eit system som skal gje struktur og oversikt, og noko å orientera seg etter, slik at kvardagen blir mindre stressande og lettera å meistra, seier Ellen Kleven.
Ein stor fordel med å ha dei sosiale reglane på mobiltelefonen er at ingen andre treng å sjå det.
– Ingen ser jo det dei gjer, så det vil ikkje vera eit stigmatiserande hjelpemiddel, seier Kleven.
Blir tryggare
Ein av dei som har prøvd den nye app-en er Bjørn Kato Sjøstrand, som har diagnosen Asperger syndrom.
– Det gjer det tryggare for meg. Eg skriv inn ting på mobilen som eg ikkje bør seia til bekjente, for eksempel ting som er for personleg, seier Sjøstrand.