Hopp til innhold

Nynorskelevar får betre karakterar

Dei har flest seksarar, stryk minst og har best karakterar. Nynorskelevane toppar alle statistikkar, viser tal frå skular i Hordaland.

Illustrasjonsbilde av elever på videregående skole

GJER DET BEST: Nynorskelevane toppar alle statistikkar i den vidaregåande skulen i Hordaland.

Foto: Hordaland fylkeskommune (illustrasjon)

– Nynorsk er vanskeleg å læra og det er unødvendig. Det er noko drit, seier ungdommane NRK.no møter i Fyllingsdalen i Bergen.

Dei har ikkje mykje til overs for nynorsk, og på spørsmål om kva elevar som gjer det best på skulen kjem svaret kontant.

– Bokmål. Fordi det er mykje lettare, seier ein elev.

Men når alle karakterane er talde opp i den vidaregåande skulen i Hordaland for våren 2014 er svaret eit anna:

  • Nynorskelevane har best standpunktkarakterar på vitnemålet sitt.
  • Dei gjer det best på eksamen.
  • Dei har færre strykkarakterar.
  • Dei har flest seksarar.

Kjem frå bygdekommunar

Opplæringsdirektør i fylkeskommunen Svein Heggeheim ser teikn til at elevar frå mindre nynorskkommunar er med på å dra opp snittet.

Svein Heggheim

FRÅ BYGDEKOMMUNAR: Opplæringsdirektør i fylkeskommunen Svein Heggheim, trur ein del av elevane som gjer det bra kjem frå typiske bygdekommunar.

Foto: Hordaland fylkeskommune

– Ein del av elevane som gjer det bra karaktermessig kjem frå typiske bygdekommunar der nynorsken står sterkt, seier Heggheim.

Sjølv om Hordaland er det fylket som har flest nynorskelevar – er det berre kvar fjerde elev som har nynorsk som hovudmål.

Opplæringsdirektøren trur ein del av forklaringa på dei gode nynorskresultata kan ha samanheng med at mange svake nynorskelevar skiftar til bokmål.

– Ein rimeleg hypotese må vere at det ikkje er dei fagleg sterkaste og tryggaste elevane som lettast skiftar, seier Heggheim.

Ikkje overraska

På den andre sida av Sotrabrua møter vi og ein viss nynorsk-skepsis. Men Nikita Karlsen og Sebastian Pedersen som begge har gått på skule i nynorskland, på Stora, er ikkje overraska over at nynorskelevane gjer det best.

– Eg har lagt merke til at nynorsk fekk betre enn bokmål. Nynorsk går eit hakk over og dei er vel flinkare, seier dei.