Hopp til innhold

Ny våpenlov lar venta på seg

To år er gått sidan forslaget til ei strengare norsk våpenlov blei lagd fram. – Det hastar å få ho på plass, meiner AUF-leiar Eskil Pedersen.

Våpen

KAN BLI ULOVLEG: Ei ny norsk våpenlov kan gjere det forbode med halvautomatiske våpen i Noreg. Men ingen veit kva tid lova eventuelt trer i kraft.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Om ikkje lenge kan pistolskyting som idrett vera historie i Noreg. Ei ny norsk våpenlov kan nemleg innehalde eit forbod mot halvautomatiske våpen i Noreg.

– Vi lever i ei tid med terror, då er det viktig å følge opp anbefalingane frå dei kommisjonane som har jobba med dette, seier Pedersen.

– Tek for lang tid

Eskil Pedersen

- DET BYRJAR Å HASTE: AUF-leiar Eskil Pedersen meiner det hastar å få på plass ei ny våpenlov.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Men det fins ingen endeleg dato for når lova trer i kraft. Det fortel statssekretær i justisdepartementet, Hans Røsjordet i Frp.

– Dette har vore eit omfattande arbeid, og ein visjon som er kring 50 år gamal, seier Røsjordet.

Pedersen meiner det er på høg tid at den nye lova kjem på plass.

– Det tek for lang tid. Det at regjeringa gir så utydelege signal om kva tid lova kjem, kan i verste fall føra til at lova forsvinn i det blå. Det vil vera uheldig, seier AUF-leiaren.

Krev handling

Pedersen er utolmodig. Halvautomatiske rifler av same type som Anders Behring Breivik brukte på Utøya, er i dag tillatt å bruke i jakt- og konkurranseskyting i Noreg.

AUF-leiaren seier han håpar at lova vil innholde eit forbod mot alle halvautomatiske våpen.

– Vi må ta dei anbefalingane som har kome frå 22. juli-kommisjonen på alvor. Det har vi gjort på mange andre områder når det gjeld beredskap. Dei må vi også ta på alvor når det kjem til våpen, seier Pedersen.

Men Røsjordet vil ikkje ut med kva den endelege lova vil tillate eller forby.

– Denne lova er omtrent femti år gamal, det er mykje som må ordnast i forhold til slik den er i dag. Også konkret kva lova vil tillate eller forby, seier Røsjordet.

– Halvautomatiske våpen er brukt under fleire tragediar, det er vi nødt å ta på alvor, seier Pedersen.