Hopp til innhold

Ny tunnel gjorde at 13.000 bilar blei borte over natta

Den nye Knappetunnelen i Bergen har gjeve folk i Bjørgeveien ein ny kvardag. Småbarnsmor Linn Christin Austgulen er blant dei som jublar.

Trafikken er redusert i Knappetunnelen etter at Knappetunnelen trinn to, åpnet.

SPASERTUR UTAN STØY: Linn Christin Austgulen på tur med barnevogna.

Ho og sambuaren flytta til området i september, og merkar skilnaden godt.

– Det er mange færre bilar og mykje meir behageleg å gå her.

Ein annan som gler seg er Svein Nikolai Grimstad. Han har budd i Bjørndalskogen ved Bjørgeveien i 40 år.

– Før pleidde vi å halde oss unna hovudvegen når det var mykje trafikk. Det er heilt fantastisk at den no er vekke. No er det søndag kvar dag her, seier Grimstad.

Svein Nikolai Grimstad

– EIT NYTT LIV: Svein Nikolai Grimstad har fått ein ny kvardag.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Over 13.000 færre bilar

Byggetrinn 2 av Knappetunnelen på Ringveg vest stod klart til opning 12. november. Snart tre veker seinare er dei første trafikktala klare, og dei syner at tunnelen gjer jobben.

Ferske tal frå Statens vegvesen viser at det i snitt var så mange bilar som nytta Bjørgeveien frå måndag til fredag:

  • Veka før opning: 23.892 bilar.
  • Veka etter opning: 10.441 i døgnet.

Det er ein nedgang på 13.451 bilar i døgnet, eller 56 prosent, etter at den nye tunnelen opna.

Knappetunnellen

KNAPPETUNNELEN: Frå Fyllingsdalen kan du køyre til Loddefjord gjennom den nye tunnelen.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Nytt køyremønster

– Det er ein kraftig nedgang, og sikkert veldig gledeleg for dei som bur i nærleiken av Bjørgeveien, kommenterer prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen.

Han er ikkje overraska over trafikktala i det heile tatt.

– I Bjørgeveien visste vi at det kom til å gå kraftig ned. Det vi har vore usikre på, er den såkalla overføringseffekten. Altså kor mange som no vel å køyra Knappetunnelen når dei skal til og frå Kokstad og Sandsli.

Sverre Ottesen

ER IKKJE OVERRASKA: Prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen seier endringane i køyrevanane var forventa.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Førebels ser det ut som byggetrinn 2 av Knappetunnelen har gjort at folk har fått nytt køyremønster.

Trafikktala etter dei to første vekene syner nemleg at kring 10.000 fleire køyretøy enn det som var vanleg i Bjørgeveien før, no køyrer gjennom nye Knappetunnelen.

– Dei bilane må jo komma frå ein plass. Skal eg tippa, trur eg det er bilar som tidlegare har køyrt Fjøsangerveien eller Løvstakktunnelen, meiner Ottesen.

Taxitest

Terje Birkeland frå Taxi 1 og John Atle Almelid frå Bergen Taxi har testa om den nye Knappetunnelen gir kortare reisetid frå Bergen sentrum til Flesland.

Får gode tilbakemeldingar

Han presiserer at statistikken er førebels, og at det vil ta i alle fall ein månad før nye køyremønster har sett seg hjå folk.

– Er den nye Knappetunnelen ein suksess?

– Det er alltid farleg å seia det, når ein har bygd tunnelen sjølv. Men vi har fått gode tilbakemeldingar frå folk om at dette er ein veg som fungerer, seier Ottesen.

Knappetunnelen er til saman 7,2 kilometer lang. Sluttsummen for heile den ferdige ringvegen er på 2,9 milliardar kroner for begge byggetrinn.

Byggetrinn 2 av Ringvei vest står straks klart til bruk. Den nye delen av Knappetunnelen åpner 12.november. Her kan du bli med på en sniktitt!

Bli med inn i den nye Knappetunnelen