Hopp til innhold

Slik blir den nye brannbåten i Bergen

Om vel eit år skal den nye brann- og redningsbåten vere klar for oppdrag i bergensområdet. – No får me ein toppmoderne båt som har den teknologien me treng, seier brannsjef Johnny Breivik.

– Det er heilt nødvendig å få ein ny brann og redningsbåt i Bergen, seier brannsjef i Bergen, Johnny Breivik.

Ny brann og redningsbåt

NY BÅT TIL 15 MILLIONAR: I dag presenterte brannsjef i Bergen Johnny Breivik og byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nilsen den nye brannbåten til 15 millionar kroner som skal betra beredskapen til sjøs.

Foto: Bergen kommune

Brannbåten som blir nytta i bergensområdet i dag, er 40 år gammal. I dag presenterte brannsjefen og byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nilsen investeringa til 15 millionar kroner som skal betra beredskapen til sjøs.

– Den gamle er 40 år og har hatt sine beste år bak seg. No får me ein toppmoderne båt som har den teknologien me treng i dag, seier Breivik.

Skal halde fart på 32 knop

Slokkeinnsats Skuteviksboder

SLUKKING: Her ser ein den 40 år gamle brannbåten i aksjon då det brann i Skuteviksbodene i Bergen. No vert han snart bytta ut med ein yngre årgang.

Foto: Bergen kommune

Med eit mannskap på seks personar, og plass til tolv, skal den nye båten auke tryggleiken for innbyggarane kring Bergen.

– Det viktigaste er at det blir betre fart, fleire bruksområde, og betre plass for mannskapet til å konsentrere seg om den viktige jobben de har, seier brannsjefen.

Ifølgje Breivik må mannskapet i dag bruke mykje tid på manøvrering og fortøying. Men med den nye båten skal dei kunne konsentrere seg meir om brannsløkkinga enn i dag.

Båten er på 18,5 meter og skal sjølv fullasta med personar og utstyr kunne ha ein fart på 32 knop.

Klar for drift i 2015

Ny brann og redningsbåt

NY BRANNBÅT: Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen og brannsjef i Bergen Johnny Breivik under presentasjonen av den nye brannbåten i Bergen i dag.

Foto: Bergen kommune

Oppstart for bygginga er i september 2014, og det vil ta rundt eit år å bygge båten. Brannvesenet forventar å kunne ta den i bruk i oktober/november 2015. Mannskapet må då mannskapet lærast opp, før båten kjem i operativ drift frå årsskiftet 2015/2016.

Den nye brannbåten skal vere ein felles brann- og redningsbåt som avløyser den gamle brannbåten og redningsdykkar-båten.

– Denne båten har bra med dekksplass, og det er spesielt viktig for redningstenesta og dykkarane. Det er og ei nedsenka plattform bak for redningsdykkarane så dei kjem raskt ned og opp ifrå sjøen, seier Breivik.