Hopp til innhold

Badji fekk raudt - måtte hentast av Norling

LERKENDAL (NRK.no): Brann-spelar Stèphane Badji såg raudt i oppgjeret mot Rosenborg og måtte hentast av bana av trenar Rikard Norling. – Ikkje akseptabel oppførsel, seier den svenske trenaren.

Badji nektar å gå av bana

FEKK RAUDT: Rikard Norling måtte til slutt inn på bana og hente Stephane Badji, som vart rasande då han fekk raudt kort heilt på slutten av Brann sitt 5–2 tap mot Rosenborg.

Foto: Arve Johnsen / Digitalsport

Norling hentar Badji

HENTA BADJI AV BANA: Rikard Norling på veg ut av grasmatta saman med Stephane Badji. Spelaren nekta å gå av bana då han fekk raudt i det 93. minutt.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Det vart ingen god oppleving for Rikard Norling i hans første storoppgjer i norsk fotball. Brann tapte til slutt 5–2 mot Rosenborg på Lerkendal.

I tillegg til å sjå fem ballar gå i eige nett, måtte også Norling i aksjon ute på grasmatta på Lerkendal. Då Stèphane Badji fekk raudt kort heilt på slutten av oppgjeret, måtte Norling ut for å hente midtbanespelaren som nekta å forlate bana.

– Det er ikkje akseptabel oppførsel og det er noko vi ser alvorleg på, sa ein tydeleg opprørt Brann-trenar til NRK etter kampen.

Måtte haldast tilbake

Det var i det 93. minutt at Brann-spelar Stephane Badji planta ein arm i ansiktet på RBKs Mike Jensen og fekk sjå det raude kortet av dommar Svein Erik Edvardsen.

Badji reagerte med sinne og sparka ballen knallhardt opp på tribunen. Deretter vende han seg mot dommar Edvardsen, og måtte haldast tilbake av fleire spelarar frå både Brann og Rosenborg.

Midtbanespelaren, som tidlegare i kampen laga straffe, nekta å forlate bana. Det heile enda altså med at Brann-trenar Rikard Norling måtte ut på grasmatta for å henta spelaren sin.

– Det er første gang eg må ut på bana for å hente ein spelar. Dette er ein oppførsel som vi ikkje står for i Brann.

Episoden skjer få dagar etter at Badji vart utsett for rasisme i cupkampen mot Varegg.

– Vi oppfører oss ikkje slik i Brann

Norling var betenkt og streva med å ordlegga seg til NRK etter kampen. Mest av alt verka det som om Brann-trenaren hadde mange tankar i hovudet medan han snakka med pressa.

– Beklagar at eg ikkje klarar å svare på det spørsmålet. Det er litt for mykje kjensler i sving her no, sa svensken og avbraut til slutt intervjuet.

NRK spurde om å få eit intervju med Badji etter kampen, men Brann ønska å skjerma spelaren. Senegalesaren gjekk rett forbi det ventande pressekorpset og rett i spelarbussen utan å sei eitt ord.

Føler seg urettferdig behandla

Badji rasande

RASANDE: Hassan El Fakiri og dei andre Brann-spelarane prøvde å roe ned Badji.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Spelande assistenttrenar Hassan El Fakiri var ein av spelarane som prøvde å roe ned Badji ute på bana. Etter kampen forklarar han kvifor senegalesaren reagerte så kraftig på det raude kortet.

– Han vart hissig og han meiner sjølv at han blir urettferdig behandla. For meg såg det meir ut som han prøvde å beskytte seg, seier Fakiri om armsvinget som trefte Mike Jensen i ansiktet.

– Badji føler at nokre dommarar er ute etter han på grunn av spelestilen. Men ein skulle helst vore slike episodar forutan, seier Fakiri om at Norling måtte inn å hente spelaren.

Det er ikkje kjend om Brann vil straffa Badji for oppførselen.

– Det er her eg vil ta eit steg tilbake å tenkje meg om før eg seier noko om det, kommenterte Norling.

Slik var kampen

Laster innhold, vennligst vent..