Hopp til innhold

Dette kan bli Noregs første UNESCO-reservat

Nordhordland samarbeider med forskarar ved universitetet i Bergen for å sikra Noreg sitt aller fyrste internasjonale "biosfæreområde". Så langt er det berre eit problem: Nesten ingen anar kva ordet betyr.

Nordhordland

VERDT Å TA VARE PÅ? Dette vakre kystlandskapet, som strekkjer seg frå Bergen og nord til Sognefjorden, kan få status som UNESCO-godkjend biosfærereservat alt i 2018 dersom regionrådet i Nordhordland får det som dei vil.

Foto: Eivind Senneset / NRK

«Nordhordland Biosfæreområde Vestnorsk Kystlandskap» er den korrekte tittelen på prosjektet, som så langt berre er i startgropa.

Men no kan strilane – og for så vidt alle andre her i landet – like godt lære seg ordet, og kva det tyder, først som sist. For dersom pådrivarane bak prosjektet får det som dei vil, får Noreg og vestlandet snart sitt aller første UNESCO-godkjende «biosfærereservat».

Nordhordlandsbrua

KAN BLI RESVERAT? Men ikkje eit heilt vanleg reservat. Skal ein tru prosjektleiaren for 'Nordhordland Biosfæreområde Vestnorsk Kystlandskap' vil statusen først og fremst sikra Nordhordlandsregionen eit meir kjent namn internasjonalt.

Visst alt går etter planen, kan nemleg området alt i 2018 smykka seg med sin nye tittel som internasjonalt "biosfæreområde".

Kan bli "biosfærereservat" om få år

Men kva tyder eigentleg "biosfæreområde"? Prosjektleiar Kari Evensen Natland er den første til å innrømma at ho ikkje er spesielt begeistra for sjølve ordet. Derimot er ho særs positiv til det ein slik status kan tyda for Nordhordland.

– Ja, det er eit forferdeleg ord. Det er akademisk, og så framand at mange kanskje ramlar av lasset med det same dei høyrer det. Men det er no ein gong det det heiter, då.

I fint selskap

Dersom UNESCO godkjenner søknaden frå Nordhordland, vil regionen hamna i selskap med heile 600 andre slike områder spreidd over heile verda.

Danmark har eit, som ligg på nordsida av Grønland, mens Sverige har heile fem ulike biosfærereservat. Men i Noreg ligg altså Nordhordland an til å bli den alle fyrste kandidaten.

Heile lista kan du lesa her

Mongstad

FRAMTIDSRETTA INDUSTRI ELLER GAMALMODIG DINOSAUR-TEKNOLOGI? Oljeraffineriet på Mongstad ligg rett nok midt i eit stort naturområde, men er det ein naturleg del av ein berekraftig framtidsvisjon for regionen? Ja, meiner Nordhordland Regionråd, som altså søkjer om status som biosfærestatus. Det inneber blant anna at regionen blir ein slags modell for andre stader som ønskjer å utvikla teknologi og naturbruk.

Foto: Kyllingmark, Chris / SCANPIX

Så til kjernen: Kva er eigentleg eit biosfæreområde eller biosfærereservat, som det også heiter?

Det korte svaret er kanskje at eit biosfæreområde skal vera eit modellområde som kan visa andre stader korleis natur, menneske og teknologi kan gå saman inn i framtida på ein bærekrafitg måte.

Kanskje er det enklare å forklare ut ifrå kva det ikkje er, nemleg det meir kjende verdsarvstatus-programmet til UNESCO. For mens verdsarv-områda blir utpeikt med det målet for auga at dei skal takast vare på slik dei er, som eit historisk verdsarv-område, er tanken bak biosfæreområda at dei skal vere modellområde for berekraftig utvikling.

Med andre ord er det verken snakk om "museumsstatus" eller varig vern av landskap som kan koma i konflikt med næringsinteresser.

Eit Nordhordland for framtida?

Den franske Stølsheimen?

DEN FRANSKE STØLSHEIMEN? Det internasjonale UNESCO-programmet for biosfæreområder har eksistert sidan 70-talet, men har kanskje hamna i skuggen av det meir kjende Verdsarv-programmet. Eit av dei aller siste tilskota til lista er franske Mont Viso, som strekkjer seg frå høgfjell og heilt ned til Middelhavet – ikkje ulikt Nordhordland, kanskje?

Foto: UNESCO

Ein del av biosfæreområdet sin agenda, er å sikra at framtidige generasjonar også nyt godt at naturressursane som gjer eit område spesielt, fortel prosjektleiar Kari Evensen Natland.

– Det at dei oppveksande slekter skal kunne koma og bu her i Nordhordland gjer at det krevst gode arbeidsplassar, dei skal bu godt, leva godt og arbeida godt. Det er nettopp det biosfæreområdet skal leggje spesielt til rette for.

Noko av det prosjektgruppa meiner gjer Nordhordlandsregionen unik, er kontrastane fordelt på eit såpass avgrensa område. Det foreslegne området er forma ut som ein «ressursprofil» frå oljefeltet Troll ute i havet, gjennom fjordane inn til toppen av Stølsheimen 1300 meter over havet, deretter vidare nord til Sognefjorden.

Totalt dekker området 9250 km², og har eit innbyggjartal på nesten 50 000.

Her finst ei blanding av oljeutvinning, skipstrafikk, fiske, vasskraft, fjord og fjellgeiter som Nordhordlandskommunane håpar skal få status som eit modellområde for korleis teknologi og miljø kan gå hand i hand inn i framtida.

Hevdar det er mange fordelar

Eit av hovudpoenga til prosjektleiaren er at statusen vil setja «Nordhordland på kartet» internasjonalt. Det at Nordhordland vil kunne få ein kjent status utetter, er tilsynelatande eit hovudpoeng.

Det manglar altså ikkje på fagre ord i søknadsplanen. Men ifølgje Evensen Nattland vil statusen føra med seg mange konkrete fordelar for regionen.

Prosjektleiaren er òg nøye med å understreka at statusen ikkje fører til nye verneområde, restriksjonar eller forbod i Nordhordland – tvert om meiner ein at den kan føra til positiv og meir «grøn» næringsutvikling.

Så gjenstår det å sjå nøyaktig korleis ein litt diffus UNESCO-status i praksis vil påverka alt frå miljø, teknologi, folk, fe og fisk i Nordhordland.

Samarbeider med forskarar i Bergen

Nädra Dälelven, Sverige

I GODT SELSKAP: Elvelandskapet kring Nedre Dalälven i Sverige er ein av dei om lag 600 stadene rundtom i verda som alt har status som internasjonale biosfærereservat. På nettsidene sine skildrar UNESCO biosfære-områda som stader med særs høge verdiar av kultur- og naturressursar i sameksistens.

Foto: UNESCO

Nordhordland Regionråd samarbeider med Universitetet i Bergen om prosjektet. Men politikarane i nordhordlandskommunane har enno ikkje sagt sitt om saka, det skal først skje til hausten. Så skal søknaden godkjennast av UNESCO, noko som først kan skje i 2018.

– Så kvifor er dette viktig å få til?

– Det kan vere med å byggje opp ei endå sterkare lokalkjensle, å byggja stoltheit over staden, og det er viktig. Jau, strilane er stolte, men vi snakkar ikkje så mykje om det. Dessutan treng vi å byggje opp Nordhordland som ei merkevare.

Ho meiner dessutan at det er på høg at Nordhordland i større grad plasserer seg på det internasjonale kartet.

– Det er på tide at Nordhordland i større grad blir sett på kartet på verdsbasis. For det er vi absolutt klare for no. Vi har massevis av skjulte ressursar som vi stort sett har halde for oss sjølv, men som vi godt kan dele med fleire.

Ein full presentasjon av prosjektet finst på Nordhordland Regionråd sine heimesider.