Hopp til innhold

Pressar gjennom køprising i Bergen

KrF, Venstre og Byluftslisten går inn for tidsdifferensierte bompengar. – Me er ikkje lenger i byråd, og kjenner oss friare i forhold til avtalen med byrådspartia, seier KrFs Marita Moltu.

Tett trafikk over Danmarksplass

TETT TRAFIKK: KrF, Venstre og Byluftslisten går no saman om å innføre køprising i Bergen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

På bystyremøtet kommande onsdag vil opposisjonspartia kunne vedta at byrådet skal innføre køprising, eller tidsdifferensierte bompengar, skriv BT.no.

KrF, Venstre og Byluftslisten går saman om å be byrådet fremme ei sak om køprising. Då vil det bli dyrare å køyre gjennom bomringen når det er mykje trafikk langs vegane.

KrF bryt slik med byrådsavtalen dei gjekk inn i med Høgre og Frp.

– Tidsdifferensierte bompengar er allereie ein del av KrFs program. No er me ikkje lenger i byråd, og me kjenner oss litt friare i forhold til plattforma me gjekk inn i med byrådspartia, seier KrFs gruppeleiar Marita Moltu til NRK.

Går bort frå byrådsavtalen

Marita Moltu

GÅR FOR KØPRISING: KrF, Venstre og Byluftslisten ønskjer køprising i Bergen. – Tidsdifferensierte bompengar er allereie ein del av KrFs program, seier KrFs gruppeleiar Marita Moltu.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Då KrF sat i byråd med Høgre og Frp, gjekk dei tre partia inn ein avtale om å ikkje vedta køprising. I juni i år gjekk KrF ut av byrådet, og knyter seg no nærmare opp mot opposisjonspartia.

LES OGSÅ: Vil samarbeide om politikken i Bergen

KrF har orientert Høgre og Frp om at dei no ønskjer at denne saka skal leggjast fram for bystyret i løpet av 2014.

– Det er klart at dei ikkje er veldig glade for dette. Men no er det slik det blir, og me trur dette vil fungere bra, seier Moltu.

Vil koste meir å køyre bil i rushtida

Venstre, KrF og Byluftslisten er samde om dette forslaget:

«Bystyret ber byrådet fremme ein sak om tidsdifferensiering av bompengar med det formål å setje i verk differensierte satsar snarast mogleg. Saka skal fremlegges for bystyret i løpet av 2014.

Det forutsettes at satsane skal kunne justeres i forhold til dagens bompengenivå avhengig av tid på døgnet og ukedag.

Bystyret ber byrådet bygge sitt forslag på forsking og rapporter på området, samt erfaringar og utredninger frå andre byer i Europa som har innført ordningar med tidsdifferensierte bompengeavgifter.»

No trekker også Miljøpartiet De Grønne (MDG) sin interpellasjon som handlar om å få opp ein luftmålar i Loddefjord.

– Me vil sikre at køprising blir vedtatt på onsdag, derfor trekker me vår interpellasjon, skriv Sondre Båtstrand i MDG i ei pressemelding.

Båtstrand seier det var på høg tid at situasjonen i bystyret endra seg.

– Dette er gode nyheiter for lufta i Bergen, og MDG vil vere pådrivar for eit raskt vedtak slik at køprising kan bli innført ved årsskiftet, seier Båtstrand.