Hopp til innhold

No blir det bysyklar i Bergen

Byrådet i Bergen er i full gang med å få på plass bysyklar på permanent basis. Ambisjonen er at alt skal vere klart til sykkel-VM i 2017.

Bysykler

NO KJEM DEI: Byrådet har ein ambisjon om at bysyklane skal vere klare til bruk når sykkel-VM går av stabelen neste år.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Vi har lovt å få på plass bysyklar i plattformen vår, og no skal det realiserast. Bergen ligg dårlig an i forhold til andre byar vi kan samanlikne oss med, med ein sykkelandel på berre tre prosent. Den skal vi få opp, seier byråd for utvikling, Anna Elisa Tryti frå Arbeiderpartiet.

Men først må det betente spørsmålet om korleis ein skal betale for syklane løysast.

Reklamefinansiering eller ikkje?

Det er berre eit problem, og det er spørsmålet om korleis ein skal betale ordninga. I årevis har diskusjonen gått på om ein skal bruke reklamefinansiering eller ikkje.

– Vi ønskjer primært ikkje at syklane skal vere reklamefinansierte. Vi arbeider no med å finne andre finansieringsløysingar, seier byråden.

Saka skal opp i bystyret til hausten, og spørsmålet om korleis ein skal betale for bysyklane må ordnast før dette. Også Kristleg folkeparti, som sit i byrådet med Arbeiderpartiet og Venstre, er skeptiske til reklame på syklane.

Anna Elisa Tryti

Anna Elisa Tryti og Arbeiderparti lovar at Bergen skal få si eiga bysykkelordning.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Festspill-syklane har vore ein suksess

Den siste veka har det vore plassert 200 gratis bysklar rundt om i Bergen sentrum. Det er Festspillene i Bergen saman med DNV GL som har sørga for at bergensane fram til 8. juni kan få love å prøve ut korleis det er å ha bysyklar.

– Det har vore ein suksess og er både til inspirasjon og lærdom for oss. No kan vi lære av erfaringane dei har hatt i løpet av festspillene, og få på plass bysyklar på permanent basis, seier Tryti.

Bysykler under festspillene i bergen

SYKLING: I løpet av 2017 kan dette bli eit vanleg syn i Bergen. Byklane du ser her er sett opp i samanheng med Festspillene i Bergen.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Vil ha reklamefinansiering

– Det er rart at Arbeiderpartiet som har vore så skeptisk til reklame på bysyklane, no er ute og jublar for reklamefinansierte bysyklar under Festspillene i Bergen. Det einaste som skjer no, er at pengane ikkje går til Bergen kommune, seier Jacob Mæhle i Unge Høgre.

Festspillene presiserer at dei ikkje får pengar frå sykkelordninga under festivalen.

Mæhle trur ikkje bergensarane bryr seg om det er reklame på syklane eller ikkje.

– Dei er fornøgde med ei bysykkelordning uansett om den er reklamefinansiert eller ikkje. Vi meiner det er vegen å gå fordi det gir meir pengar til å gjennomføre andre sykkeltiltak, seier han.

Jacob Mæhle

Jacob Mæhle trur ikkje innbyggarane i Bergen bryr seg om det er reklame på syklane eller ikkje.

Foto: Privat