Hopp til innhold

Får plass i Guinness rekordbok

Den unge studenten som vann svimlande 92 millionar på eit nettspel får no plass i Guinness rekordbok.

Nettspillet Mega Fortune

MEGA FORTUNE: Hordalendingen vann rekordgevinsten på spelet Mega Fortune.

Foto: Skjermdump: http://megafortune.eu/no/

Natt til den 23. september vann den unge hordalendingen 92,4 millionar på eit nettspel.

– Eg svetta og skalv, fortalde den heldige vinnaren til NRK dagen etterpå.

Største online-gevinst

Gevinsten er den største nokon nordmann har vunne i spel nokon gong.

No får studenten i 20-åra plass i Guinness rekordbok for største gevinst på online-spel.

Han har så langt kjøpt seg bil og leilegheit, men har elles ingen planar om å skeia ut, opplyser han i ei pressemelding frå spelselskapet Bettsson.

Mannen sleit med å sova heile den første veka, men har no ingen problem med å fordøya at han stakk av med drømmegevinsten.

Vil ikkje stå fram

Storvinnaren var anonym då han blei intervjua av NRK, og har ingen planar om å fortelja ope om gevinsten.

– Det er mange frå media som har tatt kontakt, men eg har ingen planar om å stå fram, sier han.

No drøymer han om ein fotballtur til England.

– Eg har aldri sett Liverpool live, så ein tur til Anfield hadde så klart vore stort, seier han.