Hopp til innhold

Neil Young avlyser i Bergen

Neil Young & Crazy Horse avlyser konserten i Bergen førstkomande laurdag. Årsaka skal vere at eit av bandmedlemane har vore utsett for ei ulukke.

Neil Young

AVLYSER: Neil Young må avlyse resten av konsertane på Europaturnèen, etter at eit bandmedlem har vore utsett for ei ulukke. Det betyr at det ikkje blir konsert i Bergen laurdag.

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

Frank Nes i Bergen Live sendte torsdag kveld ut ein pressemelding:

– Vi beklagar å måtte kunngjere at laurdagens konsert i Bergen med Neil Young & Crazy Horse er kansellert. Resterande konsertar i Europa lir same skjebne.

Årsaka skal vere at eit av bandmedlemmene har vore utsett for ei ulukke. Både Bergen Live og bandet beklagar sterkt.

– Utruleg trist

– Det skal ikkje vera noko livstrugande, men nok til at dei må avlyse turneen. Det er utruleg trist, seier Frank Nes i Bergen Live til NRK.no.

Både arrangør og publikum har gledd seg til konserten i Bergen lenge. Neil Young & Crazy Horse gjesta Oslo Spektrum onsdag kveld. NRK P3 trilla ein femmar på terningen. Stas var det også sist canadiaren gjesta Koengen.

– Alt har vore klart her, vi skulle til å heise opp scenetaket i kveld før vi fekk meldinga. Dette var for mange ein historisk hending at Neil Young tar med seg Crazy Horse til Bergen. Eg syns det er utruleg leit, seier Nes.

Refunderer billettar

Publikum som har kjøpt billettar til konserten kan få dei refundert innan 60 dagar etter konsertdato. Har ein spørsmål knytt til refunderinga kan ein ringa Billettservice på telefon 815 33 133 eller Bergen Live på telefon 55 21 50 60.

Meir informasjon finst også her.

– Vi får berre håpe at Neil Young tenkjer på oss neste gong dei skal ut på turné. Får vi moglegheita skal vi vere dei første til å sei ja. Det aller viktigaste no er at vi får gjort det vi skal gjere i forhold til publikum og andre, avsluttar Nes.