Hopp til innhold

– At vi har slike egoistar her i landet hadde eg aldri drømt om

Naboar er sjokkerte etter brannen i det planlagde asylmottaket for mindreårige.

Per Juuhl og Harald Hansen

– HAR IKKJE ORD: – Det er greit at ein ikkje ønskjer alle fyktningane inn i landet, men dette har ingenting med det å gjere. Heilt forferdeleg. Eg har ikkje ord, seier Harald Hansen (t.h.), som vitja brannstaden måndag.

Foto: Jon Nøstdal / NRK

Det er berre utbrende ruinar å sjå bak politiet sitt sperreband på Vågseidet i Lindås. Hotellet Lune Huler skulle i januar ta imot 40 mindreårige asylsøkjarar, men natt til søndag sette nokon fyr på bygningen.

Brann asylmottak Lindås

UTBRENT: Natt til søndag brann hotellet ned.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Det er heilt forferdeleg. Det er ikkje sånn vi vil ha det. At vi skulle ha slike egoistar her i landet hadde eg aldri drøymt om. Håpar berre dei får fatt i dei som har gjort det, seier Harald Hansen, som bur nokre kilometer frå brannstaden.

– Dette er takken ho får

Saman med hyttenabo Per Juuhl valde han å svinge bortom brannstaden der politiet arbeidde måndag. Det lokale politiet er sikre på at brannen er påsett, og set inn alle ressursar på å ta gjerningspersonane så raskt som mogleg.

– Det er nifst at folk kan tenne på dette. Ein må ha sine meiningar, det har vi alle lov til, men ingen har lov til å gjere slikt. Eg håpar dei tek dei, seier han.

LES OGSÅ: 16 år gamle Damian oppdaga brannen

– Her har eigaren strevd sånn med å få dette til å gå, og no fekk ho sjansen til å tene litt på hotellet. Og så er dette takken, seier Hansen, og siktar til hotelleigaren, Jenfrid Stellberg.

Jenfrid Stellberg

BYGGJER NYTT: Hotelleigar Jenfrid Stellberg vil byggje mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar så snart politiet har etterforska ferdig saka.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Stellberg takkar frå støtta frå innbyggjarane i Lindås. Ho jobbar vidare med å få til asylmottak på hotelltomta.

– Eg syns framleis det er veldig trist det som har skjedd, men vi må snu oss og tenkje framover og så positivt vi kan. Vi er innstilt på å jobbe så fort vi kan. Dette skal vi få til, seier Stellberg, og fortel om eit utal meldingar om at ho må stå på, og at ho klarer dette.

Mottaket kjem så fort som mogleg

Planen er å setje opp brakker på branntomta så snart politiet og forsikringsselskap har gjort ferdig jobben sin. Politiet har framleis sperra av tomta, og ventar på hjelp frå KRIPOS i etterforskinga.

– Brannen fører til ei at etableringa av mottak i Lindås blir utsett, seier seniorrådgjevar i UDI, Sissel Medhammer, som møtte lokalt politi, kommunen, driftsoperatøren og huseigar i eit møte måndag.

– Alle er klare på at vi ønskjer å få etablert eit mottak for einslege mindreårige i Lindås. Det vil ta litt lenger tid, men det kjem, seier Medhammer.

Hotellet Lune Huler i Lindås brann ned til grunnen natt til søndag. Naboane er sjokkerte.