Høgre i Bergen og Hordaland Høgre møtes i Høyres Hus i Bergen for å diskutera vegen vidare i saka. I tolvtida kjem fleire politikarar gåande til møtet i Kong Oscars gate.
– Det er ikkje dette vi likar best å gjere, seier Høgre sin gruppeleiar Dag Skansen på veg inn til møtet.
Seks politikarar tilknytt Høgre i Bergen er involvert i narkotikasaka som politiet har rulla opp i Bergen dei to siste vekene. Ein av dei sikta er stortingspolitikar Erik Skutle.
Deltek ikkje
NRK har laurdag vore i kontakt med Erik Skutle.
– Dei siste dagane har vore tøffe. Denne helga reiser eg på hytta for å prøve å finne litt ro, seier han til NRK. Utover dette vil han ikkje kommentere siktinga eller partiet si behandling av saka.
– Eg ber om forståing frå pressa for at eg vil forsøka å få dette litt på avstand, og at eg ikkje vil kommentere saka meir på noverande tidspunkt.
Han skal ikkje delta på møta i arbeidsutvalet eller med Unge Høgre.
– Eit stort problem
Også byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen deltek på møtet, saman med fylkesleiar Liv Kari Eskeland i Hordaland Høgre.
– Eg vil ikkje sei så mykje. Vi skal ha eit arbeidsutvalsmøte der vi diskuterer korleis vi skal handtere situasjonen framover, seier ho.
– Er det ein ukultur i Unge Høgre?
– Det veit eg ikkje noko om. Eg veit at vi har eit stort problem med ungdomsmiljøet i Bergen som vi må ta på alvor, seier Stolt-Nielsen før ho går inn døra på Høyres hus.
Bakgrunn
Seks politikarar tilknytt Høgre i Bergen er involvert i narkotikasaka som politiet har rulla opp i Bergen dei to siste vekene.
- Førre veke vart eit medlem i Unge Høgre arrestert og sikta for sal av cannabis, som ein del av den store narkoaksjonen til politiet på vidaregåande skular i Bergen. Personen var sleppt fri av politiet tidlegare denne veka.
- Onsdag vart tre personar arrestert og sikta for bruk av narkotika. Torsdag vart det kjent at det var stortingspolitikar Erik Skutle samt ein bystyrerepresentant for Høgre i Bergen. Tredjemann skal vera ein tidlegare Unge Høgre topp som framleis er aktiv i partiet.
- Og fredag vart ytterlegare to mistenkte kalla inn til avhøyr hjå politiet