Hopp til innhold

Mor i babyvald-sak fengsla i to nye veker

Mor som er sikta for vald mot eit seks veker gamalt barn er varetektsfengsla i to nye veker.

høydal

FEKK MEDHOLD I LAGMANNSRETTEN: – Lagmannsretten legg til grunn at det er ei reell fare for at sikta vil kunne kontakte og påverke vitne, og det er også fare for besvisforspillelse, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland.

Foto: Marit Hommedal / NTB/SCANPIX

Både mor og far til den seks veker gamle guten blei varetektsfengsla i oktober. Foreldreparet frå Hardanger er sikta for vald mot barnet.

Onsdag blei mor til barnet framstilt for varetektsfengsling på ny, med bakgrunn for fare for bevisforspillelse, men politiet fekk ikkje medhald då dei bad om å fengsle ho i to nye veker.

Påtalemakta anka rettsavgjerda med ein gong den blei kjent, sidan har mor til barnet sete varetektsfengsla til lagmannsretten kom med si vurdering i dag.

Fare for at sikta vil kontakte vitne

– I dag blei det bestemt at ho blir varetektsfengsla til 19. november, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland

– Lagmannsretten legg til grunn at det er ein reell fare for at sikta vil kunne kontakte og påverke vitne, og det er også fare for besvisforspillelse, seier Høyland.

Blei varsla av legane

Det var legar på barneklinikken på Haukeland sjukehus som varsla politiet om saka. Sjukehuset hadde fått inn eit barn med store hovudskadar.

Same kveld gjekk politiet til aksjon og arresterte ekteparet. Både far og mor har nekta straffeskuld.

Saka blir oppdatert