Hopp til innhold

Mora varetektsfengsla i to veker

Eit foreldrepar i Hardanger er sikta for vald mot ein seks veker gamal gut. Faren vart varetektsfengsla i fire veker tysdag, medan mora vert fengsla i to veker.

Politiadvokat Inger-Lise Høyland og advokatfullmektig Mads Berven

Politiadvokat Inger-Lise Høyland og forsvarar for faren, advokatfullmektig Mads Berven, i samtale før fengslingsmøtet tysdag. I dag vert mora framstilt for fengsling.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Det vart nettopp klart etter fengslingsmøtet i Nordhordland tingrett onsdag.

– Mora er fengsla i to veker med dei same restriksjonane som barnefaren, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland til NRK etter at avgjerda vart klar.

Barnefaren fekk fire vekers varetekstfengsling med brev- og besøksforbod i går, og politiet bad om det same for mora.

Begge nektar straffskuld. Politiet vart varsla om saka av legar ved barneklinikken på Haukeland sjukehus seint laurdag kveld. Då hadde dei fått inn ein seks veker gamal gut med store hovudskadar.

– Skadane er forenlege med vald mot hovudet, sa Høyland til NRK i går.

Ute av intensiven

Politiet gjekk straks til aksjon, og natt til søndag arresterte politiet i Hardanger barnets foreldre. Høyland fortel at spedbarnet framleis er på innlagt på Haukeland sjukehus.

– Men han er komme ut av intensiven. Tilstanden vert vurdert som stabil, men det er for tidleg å seie om guten får seinverknadar av skadane.

Årsaka til at politiet ville fengsle foreldra med brev- og besøksforbod er at dei meiner det er fare for bevisforspillelse.

– Vi vil ikkje risikere at dei snakkar med vitne før vi gjer det, seier politiadvokat Høland.

Kallar inn til avhøyr

Politiet byrjar no arbeidet med å avhøyra ei rekkje personar i saka.

– I første omgang gjeld det å snakka med moglege vitne i kretsen rundt dei sikta. Vi skal også avhøyre helsepersonell som har vore involvert i behandlinga av barnet. I tillegg hentar vi inn ytterlegare medisinske opplysningar, avsluttar Høyland.

– Tar saka tungt

Det er advokat Rolf Knudsen som er oppnemd som forsvarar for mora.

– Ho erkjenner ikkje straffskuld og tek siktinga tungt. Hennar fokus er på barnet som ligg på Haukeland, seier Knudsen til NRK.

– Vi registrerer at politiet ikkje fekk medhald i å fengsle min klient i fire veker. Ho ser fram til å samarbeide med politiet og håpar saka snarast mogleg får si avklaring.