Hopp til innhold

Kampen om «monstermastene» er blitt film

Hardingane sin bitre kamp mot høgspentmastene i Hardanger har vekt interesse også utanfor fjordarmar og landegrenser.

Synnøve Kvamme som blir arrestert av poitiet

Kvinna som sto i spissen for opprøret mot kraftlina i Hardanger, Synnøve Kvamme, er hovudpersonen i filmen.

Foto: Arnstein Karlsen

Bråket starta i 2008. Statnett søkte om løyve til å bygge ei 9,23 kilometer lang kraftline midt gjennom ein av Noregs nasjonalskattar, nemleg Hardangerfjorden.

I åra som fulgte var det bitter konflikt mellom lokalbefolkninga og staten.

– Eg såg kva som skjedde. Eigentleg tenkte eg at dette er ein film eg ikkje orka å lage, men gradvis fann eg ut at eg berre måtte, seier regissør Vigdis Nielsen.

«Kampen om fjordane» er ein ny versjon av filmen «Kampen om Hardanger» frå 2014. Denne gongen forsøker å Nielsen mellom anna å trekke liner til andre naturvernsaker.

– Folk var frustrerte og forbanna

Filmen handlar om prosessen rundt utbygginga av dei såkalla monstermastene i Hardanger. Den handlar om korleis folket i Hardanger opplever prosessen og vedtaket.

Eigentleg tenkte eg at dette er ein film eg ikkje orka å lage, men gradvis fann eg ut at eg berre måtte.

Vigdis Nielsen

Regissør Vigdis Nielsen tok affære og ringde Vestlandsk filmsenter for å spørje om nokon laga film om konflikta mellom bygdefolket og staten.

– Det var det ingen som gjorde, svarte dei. Eg sat på kjøkenet, høyrde på vedtaket og såg folk var frustrerte og forbanna, seier Nielsen.

Det gjekk ikkje lenge før planlegginga av «Kampen om Fjordane» var i gang.

– På mange måtar er det ein film om demokratiet, og korleis folk arbeidde på alle måtar for å påpeike verdien av landskapet og hindre bygginga av mastene, seier Nielsen.

Regissør Vigdis Nielsen

– Dette var ein film eg berre måtte lage, seier regissør Vigdis Nielsen. Filmen har noregspremiere denne helga.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Mange føler stemma deira ikkje betyr noko

Medan hardingane ønska å legge kraftlina i ein undersjøisk kabel for å verne om naturen og turistinntektene, svarte Statnett at det ville bli for dyrt.

– Eg blei forbausa då vedtaket kom. Som mange andre trudde eg ikkje det ville gå gjennom. Det er mange i Hardanger som har meldt seg ut av politiske parti fordi dei ikkje trur stemma deira betyr noko lenger. Det synest eg er trist, fortel Nielsen.

Det er mange i Hardanger som har meldt seg ut av politiske parti fordi dei ikkje trur stemma deira betyr noko lenger. Det synest eg er trist.

Vigdis Nielsen

«Kampen om fjordane» har vekt interesse også utanfor fjordarmar og landgrenser. Den vart lansert internasjonal under Helsinki Documentary Film Festival i slutten av januar, og har noregspremiere denne helga.

Nielsen ønskjer no å peike på liknande saker i samfunnet i dag.

– Eg håpar denne filmen kan vere med å skape ein større debatt om naturforvaltning og norsk demokrati. Det er viktig å sjå framover.

– Eg håpar deira kamp kan bidra til å hindre liknande prosessar og naturinngrep andre stader, seier Nielsen og trekk fram kampen mot gruveplanane ved Førdefjorden som eit døme.

Turid Thomassen aksjonerer i Hardanger

Mange engasjerte seg sterkt i kampen mot monstermastene i Hardanger.

Foto: Magne Hagesæter / Scanpix

Demonstranten i hardangerbunad

I filmen følgjer ein Synnøve Kvamme som sto i spissen for kampen mot monstermastene. I full hardangerbunad kunne ein sjå henne bli bært vekk av politiet då ho demonstrerte mot utbygginga.

Ho er så trassig og modig. Ho vågar å sjå makt og politi i augene.

Vigdis Nielsen, regissør

– Eg synest det er inspirerande at ein ungdom står på slik som ho har gjort. Ho er så trassig og modig. Ho vågar å sjå makt og politi i augene, fortel Nielsen.

Sjølv om filmen blir vist både i inn- og utland, er det responsen i Hardanger-kommunane Nielsen er aller mest nervøs for.

– Eg er frykteleg nervøs for visninga i Ulvik. Utan folket der hadde eg ikkje klart å lage filmen. Utruleg mange har hjelpt meg, og dei har vist både interesse og velvilje, fortel Nielsen.

Fra Brakanes og utover i Hardangerfjorden er det mange stedsnavn fra før-kristen tid.

Hardangerfjorden er noregs nest lengste fjord.

Foto: Øyvind Arntsen / NRK