Hopp til innhold

Mindre fornøgde med skulen jo eldre barna vert

Foreldra i Bergen vert mindre fornøgd med skulen ettersom barna vert eldre. Det er særskilt matteundervisninga dei synest vert dårlegare.

Barn leker på Ny-Krohnborg skole i Bergen

BEST FOR DEI SMÅ: Når barna er på dei første klassetrinna er foreldra mest fornøgd med undervisninga viser ei ny undersøking. Bildet er tatt frå ein gymtime på Ny-Khronborg skole.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Valglogo

I ei fersk foreldreundersøking har 11.000 foreldre sagt si meining om bergensskulen.

Foreldra på dei første klassetrinna er godt fornøgde, men begeistringa stupar jo lenger barna har gått på skulen.

Undersøkinga kan du lese her. (Ekstern lenke).

– Må sjå nærare på dette

– Me skulle ønske at folk var like fornøgde heile vegen, men me snakkar om eit mangeårig løp her, seier skulebyråd frå Høgre Jana Middelfart Hoff.

Jana Middelfart Hoff

Skulebyråd Jana Middelfart Hoff (H)

Foto: Sølve Rydland

Ho er særleg betenkt for utviklinga innan rekning og realfag. Medan foreldra er svært fornøgde med rekneundervisninga dei første skuleåra meiner foreldra på ungdomstrinnet at matteundervinsinga er midt på treet.

– Mange foreldra har kanskje sjølv hatt ei negativ oppleving med mattematikk på skulen. Det er klart at det vert ein utfordring å vera positiv og oppmuntrande til eigne barn. Me må sjå spesielt på dette i tida framover.

– Høgre har mislukkast

Pål Hafstad Thorsen i Ap langer ut mot det sittande byrådet

– Dette er eit kraftig skot for baugen når det gjeld Høgre som skuleparti. Dei har lova å satsa på realfag i bergensskulen. Resultata viser her at dette har dei mislukkast med. Innanfor realfagssatsinga og innanfor teknologisk utvikling har bergensskulen ein lang veg å gå, seier Thorsen.

Pål Hafstad Thorsen

Pål Hafstad Thorsen (Ap) leiar komité for oppvekst i Bergen kommune.

Foto: Sølve Rydland

– Det er valkamp så det er klart han må lov å seie det, seier Hoff.

Men ho meiner Ap-politikaren bommar grovt med kritikken. Ho viser til at utfordringane i rekning er nasjonale og at heile 42 prosent av alle som på landsbasis var oppe til matteeksamen i vår fekk karakteren 1 eller 2.

– Eg trur ingen elevar eller foreldre i Noreg kan vera fornøgd med den situasjonen me har no.