Hopp til innhold

Meiner politiet ikkje har tatt saka på alvor

Det er takka vera mora til Monika (8) at saka får framsteg, meiner tidlegare politioverbetjent i valdsavsnittet i Oslo Finn Abrahamsen. Han seier det er tilfeldig at politiet endar opp med å arrestere ein person, tre år etter Monika vart funnen død.

Finn Abrahamsen

KRITISK: Arrestasjonen skjer grunna ei mor som har stått på, seier tidlegare politioverbetjent i valdsavsnittet i Oslo, Finn Abrahamsen. Han er kritisk til jobben politiet i Bergen har gjort i saka.

Foto: NRK

Monika Sviglinskaja

FUNNEN DØD: Monika Sviglinskaja vart funnen død i 2011.

– Dette skjer takka vera ei mor som har vore eldsjel, og som har stått på som berre det, seier tidlegare politioverbetjent i valdsavsnittet i Oslo, Finn Abrahamsen.

Saka vart i 2012 lagt vekk av politiet, og vart i mai 2014 på nytt tatt opp. Måndag denne veka vart den tidlegare sambuaren til mora arrestert og sikta for drap på Monika.

– Den framferda som politiet har vist i den saka er under ein kvar kritikk, det må ein ha lov til å seie, og det må også bergenspolitiet tole å få kritikk for, seier han.

– Eg reagerer på kva som har skjedd i denne saka over så lang tid. Saka vart jo lagt vekk, den vart tatt opp att, og no viser dei til at det er nokon betringar på dette med folkehelseinstituttet, seier han.

– Svekker omdømme

Abrahamsen seier politiet i Bergen må tole at ein blir kritisert i ettertid.

Det er veldig alvorleg at ein ikkje tar slike saker heilt på alvor, og lyttar til tilsette og andre som kanskje har betre skjønn enn andre, seier Abrahamsen.

Finn Abrahamsen seier det er alvorleg at det er mora sin innsats som var det som skulle til for at saka skulle få framsteg.

– Me veit også det at Spesielenheten har vore inne i bilete, og det forundrar meg ikkje at dei har lagt vekk den saka, for det er normalt i alle sånne saker, seier han.

Han er forundra over at øvste påtalemyndigheit ikkje ser på saka.

– Dette er ein veikskap som svekker politiet sitt omdømme, og det svekker også rettstryggleiken til befolkninga, seier Abrahamsen.

Han seier han håpar politiet har sikra seg nok bevis frå tida etterforskinga gjekk føre seg.

Vil evaluere saka

Gunnar Fløystad

EVALUERER SAKA: Påtaleleiar i Hordaland politidistrikt, Gunnar Fløystad, vil ikkje svare direkte på om politiet har gjort feil i saka. Han seier saka skal bli grundig evaluert når etterforskinga er over.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Gunnar Fløystad som er påtaleleiar i Hordaland politidistrikt vil ikkje svare direkte på om politiet har gjort feil i saka.

– Det er viktig for oss at me skal bruke tid på å gjere ei grundig evaluering av saka, og finne ut av dette når etterforskinga er over, seier Fløystad.

At saka vart lagt vekk i 2012, og at det denne veka vart arrestert ein mann som vart sikta for drap på Monika (8), tar Fløystad kritikk for.

– Det er ein god del ting som tyder på at me ikkje burde ha sluppe saka så tidleg, men det er ingen enkel sak. Det er ei sak me etterforska i ni månader, kvar konklusjonen den gongen blei at det ikkje var grunnlag for å gå vidare med den, seier han.

– Så ser det ut no som at me har fått nye opplysingar som gjer at me har grunnlag for å sikte ein person, seier Fløystad.

Han seier at dei framleis er i den innleiande delen av etterforskinga, og at politiet difor er forsiktige med å konkludere om den sikta mannen er skuldig.

Politiet tar selvkritikk i Monika-saken

SJÅ INTERVJU: Påtaleleiar i Hordaland politidistrikt, Gunnar Fløystad i Vestlandsrevyen 21. oktober.