Hopp til innhold

– Det er feil å kalle dette eit amnesti

Asylpolitikken til dei fire borgarlege partia seier at barn som har vore meir enn tre år i Noreg skal få bli. Men hovudregelen har så mange unnatak at svært mange barn fell utanfor.

Aina Heldal Bøe

JUBLA, MEN SÅ: Aina Heldal Bøe, som har engasjert seg sterkt for asylbarn, byrja først å felle gledestårer då dei borgarlege partia presenterte asylpolitikken. Så las ho avtalen nærare.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Det meiner Aina Heldal Bøe, som var leiaren for støttearbeidet i den kjende Nathan-saka. Ho følgde spent med på pressekonferansen til dei fire borgarlege partia i går kveld.

– Då Hareide sa at dei skulle få rettferd for asylbarn, så byrja eg å grine. Men så fekk eg lesa avtalen, og eg ser jo der at det er ein del avgrensingar, seier Heldal Bøe til NRK.

Strenge krav

I den nye avtalen har Kristeleg Folkeparti og Venstre pressa gjennom amnesti for asylbarn. Barn som har vore meir enn tre år i Noreg skal få bli. I dag er det kring 300 asylborn i landet.

Men det vert ikkje gitt amnesti utan unntak. Barna sine foreldre må som hovudregel bidra til å avklare sin identitet, og familien må komma frå eit land med returavtale. I tillegg må søknaden vera registrert før ein slik returavtale har trådt i kraft.

– Der er det nok allereie ein del familiar som fell utanfor. Om ein skal tenkje på barna sin situasjon, så tykkjer eg det er veldig trist at det vert lagt slike avgrensingar, seier Heldal Bøe.

Artikkelen held fram under biletet

Presentasjon av firpartiavtalen

PRESENTASJON: Her presenterer Trine Skei Grande (V), Erna Solberg (H), Knut Arild Hareide (KrF) og Siv Jensen (Frp) firepartiavtalen.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Ingen grunn til å juble

Ho meiner det blir feil å kalle avtalen for eit amnesti.

– Det blir jo framstilt som om det er eit amnesti. Det var nok ein del familiar som først jubla i går, som diverre ikkje kjem inn under dette.

Det er fleire enn Heldal Bøe som i dag ikkje finn noko grunn til å juble over den nye asylpolitikken til dei borgarlege partia.

– Dette er heilt nye moment, seier Ann-Magrit Austenå i Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOSA) om kriteria. Ho meiner at mange barn no vert kasta ut i ny uvisse.

– Om dette blir innført må styresmaktene i so fall slutte å gje avslag til barnefamiliar som kjem frå land utan returavtale.

Strid i sonderingane

Nestleiar i Venstre, Terje Breivik, har vore med på sonderingane mellom dei fire borgarlege partia dei siste to vekene. Han fortel at det var så mykje strid om asylpolitikken at det var naudsynt å lage ein egen avtale.

Breivik meiner dei no kan love asylborna amnesti.

– Dette er ein av dei punkta me er veldig nøgde med å ha fått på plass. Både eingongsløysing for dei borna som har vore lenge og i tillegg forpliktande formuleringa for å få ei permanent ordning.