Hopp til innhold

Vakna av tjuvar i heimen sin

Ein 86-åring vart brutalt knivrana av to maskerte menn i heimen sin. Dei to gjerningsmennene skal også ha oppført seg truande mot ei kvinne rett etter ranet.

To maskerte menn rana og trua 86-åring i heimen hans. Mennene heldt ein kniv mot strupen og trua til seg blant anna bilen hans.

VIDEO: Innsatsleiar Kjetil Øyri fortel at politiet leitar etter to maskerte menn etter at ein mann i 80 åra vart rana og trua med kniv i sin eigen bustad av to maskerte menn fredag morgon. Video/redigering: Tim Christian Wassmo/NRK

Politiet har i ettermiddag kome ned ny informasjon om det brutale ranet som skjedde i Nordahl Rolfsensvei i Bergen i dag tidleg. Den tidlegare etterlyste bilen som stod utanfor Joker ved Nattlandsveien 81, må ha blitt stole tidlegare enn politiet fyrst rekna med.

– Ei dame har gitt oss nye opplysningar. Ho var på veg for å parkera bilen sin utanfor Joker om lag klokka 06.15. Då observerer ho to menn som held på med den då etterlyste bilen. Personane rundt bilen vert oppmerksam på dama og den eine mannen kjem springande mot ho, seier politifyrstebetjent Jannike Bremar Johannessen.

Dama set seg då inn i bilen og køyrer i full fart vekk frå staden. Dette tyder at ranet må ha skjedd tidlegare enn politiet fyrst trudde.

Nye opplysningar

SAMSUNG CSC

LEITA ETTER SPOR: Fleire hundepatruljar leita etter spor.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

Politiet etterlyser no personar som har vore i området rundt 06:15 eller tidlegare og som kan ha observert noko.

Dama kan opplyse at dei to personane som vart observert var to menn i kanskje 20–25 åra. Dei ser nordiske ut, ca. 175 høge og kledd i mørke klede.

– Vi jobbar no vidare etter dei opplysningane vi har fått. Vi har ingen kjennskap til kven det kan vere og er veldig interessert i tips, seier Johannesen.

Kniv mot strupen

86-åringen låg i senga og vakna av at gjerningspersonane var inne i bustaden hans.

– Han vaknar av at gjerningspersonane er inne bustaden. Han vert truga med kniv mot strupen av to maskerte menn og fråteke ein del gjenstandar, seier Johannesen.

Politiet har inga oversikt over kor store verdiar det skal vera snakk om.

Alvorleg

86-åringen blir no varetatt av familien og har etter forholda det bra.

– Vi ser veldig alvorleg på dette, seier Inger Myrtvedt som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Politiet prøver vidare å få kontakt med naboar i området. Patruljar jobbar med saka og dei etterforskar saka vidare.

(Artikkelen held fram under videoen)

Innbrot med kniv i ein 86 år gamal mann sin bustad

VIDEO: Nabo Terje Lidsheim synest at det er heilt forferdeleg at ein mann vart rana og trua med kniv i sin eigen bustad. Video/redigering: Tim Christian Wassmo/NRK

Heilt forferdeleg

Nabo Terje Lidsheim har budd i gata der ranet skjedde i nesten 40 år.

– Det har vore nokre innbrot her oppe. For to månadar sidan var det innbrot i garasjen vår, men elles er det eigentleg ganske roleg her, seier Lidsheim.

Kva tenkjer du om at ein vaksen mann vart rana av to maskerte menn med kniv i området?

– Det er heilt forferdeleg. Ein må få bu i sin eigen bustad utan at sånt skjer, seier Lidsheim.

Han kjem til å ta visse førehandsreglar etter denne alvorlege hendinga.

– No må vi kanskje byrja å låse dørene heile døgnet og ikkje berre om natta, seier han.