Ein mann i 20-åra frå Kvinnherad kommune i Hordaland er tiltalt for å ha valdtatt ein ti år gammal gut, skriv .
Det er statsadvokaten i Hordaland som har tatt ut tiltalen, og mannen er også tiltalt for eit samleie med ei 13 år gammal jente i fjor sommar. Begge forholda skal ha skjedd heime hos den tiltalte mannen.
– Dette er ei svært alvorleg sak. Mine klientar er glade for at saka no kjem for retten, seier advokat Arild Birkeland til avisa. Birkeland er bistandsadvokat for dei to fornærma i saka.
Den tiltalte mannen sin forsvarar opplyser at klienten hans nektar straffskuld.
Saka vil komma opp i Sunnhordland tingrett, men dato for når saka skal opp i retten er ikkje fastsett ennå.