Hopp til innhold

Mann til sjukehus etter fleire spark mot hovudet

Det har vore ei natt prega av vald, fyll og bråk i Hordaland. Politiet har hatt over 80 oppdrag i løpet av natta.

– Vi har hatt travlare netter enn dette, men det har vore ein jamn straum. Vi har gått frå oppdrag til oppdrag, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit om natt til søndag i Hordaland.

Over 80 oppdrag har politibetjentar rykka ut på, og fem personar har overnatta natta i fyllearresten. Nokre av dei vil få meir å svara for ovanfor politiet i dagane som kjem.

Sparka i hovudet

Den mest alvorlege episoden i natt vart meldt inn frå Nygårdsgaten rundt klokka 04.00. Ein mann var slått medvitslaus av to personar.

Medan fornærma låg på bakken vart han sparka opptil tre gangar i hovudet, samt fleire spark mot resten av kroppen.

Mannen vart sendt til akuttmottaket på Haukeland, men operasjonsleiar Kolltveit har ikkje fått noko oppdatering om mannens tilstand søndag morgon.

Ein av dei to personane er fengsla, medan politiet veit kven den andre er.

Narkolangarar dukka opp på russefest

Klokka 01.06 vart politiet tilkalla av fleire russ som festa på Kokstadflaten i Bergen. Der hadde ein del russebilar tatt seg inn på eit område, men etter kvart dukka det også opp privatbilar.

Ifølge russen skal personane ha selt narkotika til fleire russ, men politiet kunne ikkje sjå noko til dei då dei kom fram til Kokstadflaten.

Det dei oppdaga, var at russen ikkje hadde lov til å vera på området. Ein kjetting som sperra området var broten av, og etter ein sjekk med grunneigar kom det fram at russen ikkje hadde noko på området å gjera.

– Ein 19 år gamal russ vart såpass opprørt at kom med trugsmål mot politibetjentane. Han måtte overnatta natta i fyllearresten, politimeldt for trugslar og ordensforstyrringa, fortel Kolltveit.

Spytta på politiet

Også andre stader har unge menn blitt sinte på politiet. Utanfor Fotballpuben i Bergen sentrum valde ein 21 år gamal mann å spytta på politiet, då han vart konfrontert med å ha laga bråk og generelt oppført seg ufint.

I Os vart ein 32 år gamal mann arrestert, etter å ha brote eit påbod om å halda seg vekke frå sentrum. Før han vart arrestert rakk han å sparke til politibilen og komme med grove skjellsord ovanfor politibetjentane.

Begge har overnatta i drukkenskapsarresten.

Tre innbrot

I tillegg har politiet hatt innbrot og fyllekøyringar på oppdragslista:

  • To 16-åringar vart arresterte og sikta for å stå bak tre innbrot i området Glasskaret/Eidsvåg i natt. Også hundepatruljar deltok i søket etter dei to, etter at den første meldinga om innbrot kom inn i 23.30-tida. Dei to skal høyra til eit asylmottak på Austlandet. På grunn av deira unge alder vart dei aldri plassert i arresten.
  • Ei 26 år gamal kvinne vart i natt stoppa av politiet på Stord, etter mistanke om køyring i rusa tilstand. Politiet har sikra prøve av den kvinnelege sjåføren. Den 35 år gamle mannlege passasjeren var også rusa, og det blir oppretta sak på begge.

I morgontimane søndag vart det også meldt om ei trafikkulukke heilt sør i Hordaland:

  • Ein mann i midten av 30-åra og ei kvinne i midten av 20-åra er sendt til Stord sjukehus etter ei utforkøyring på E39 i Sveio. Meldinga om trafikkulukka ved Førde kom inn til naudetatane klokka 06.30. Europavegen har vore sperra ei stund, men no er det opna for passering i eitt køyrefelt.