Hopp til innhold

Mann skadd i eksplosjonsulukke

Ein mann i 60-åra er sendt til Haukeland universitetssjukehus med alvorlege skadar etter ein eksplosjon i ei gassflaske i Etne.

– Me fekk melding klokka 10.50 om eksplosjon i ei gassflaske, fortel operasjonsleiar Oddvar Olsen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Naudetatane rykka ut til ulukkesstaden som ligg ein kilometer aust for Etne sentrum.

– Ulukka har skjedd i eit hobby-drivhus. Det kan vera på grunn av lekkasje frå ei propanflaske.

Alvorleg skadd

Ambulanse, politi og brannvesen er på staden. Også luftambulanse vart tilkalla.

-- Ein mann vart skadd men fekk varsla ein nabo som igjen varsla naudetatane. Mannen skal vera alvorleg skadd. Han er sendt til Haukeland universitetssjukehus med brannskadar, opplyser Olsen.

Brannvesenet undersøkjer no propanflaskene for å finne ut om dei lek.

NRK oppdaterer saka