Hopp til innhold

Mann sikta for å ha starta tre brannar

Mannen som er sikta for å ha starta tre brannar i Djønno, vart i dag varetektsfengsla i fire veker. Politiet meiner det er fare for gjentaking og at han skal øydeleggje bevis i saka.

Brann på Djønno 4. juni

4. JUNI: Slik såg det ut då det brann på Djønno i Hardanger 4. juni. Ein mann er no sikta for brannane 4. juni, 17. oktober og 22. oktober.

Foto: 03030-tipsar

I går blei ein mann pågripen, mistenkt for å ha tent på eit hus på Djønno i Hardanger natt til i går.

Brann Djønno

22. OKTOBER: Kriminalteknikarar konkluderte i går med at brannen i sauefjøset på Djønno var tent på.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Han er no sikta for denne brannen, samt dei to brannane tidlegare i år, 4. juni og 17. oktober, seier etterforskingsleiar Bjørn Inge Aarsand til NRK.

Mannen vart i dag varetektsfengsla i fire veker.

– Han blei avhøyrt i Odda i går kveld. Me meiner det er fare for gjentaking og at han øydeleggjer bevis, og vil difor be om varetektsfengsling, seier Aarsand.

Den sikta mannen har fått brev- og besøkskontroll i den fire vekers perioden.

Avviser at han har noko med brannen å gjere

Brannen i sauefjøset natt til onsdag denne veka er den siste av fleire brannar på Djønno i Hardanger den siste tida.

brann djønno

4. JUNI: Ein einebustad og tre naust brann ned til grunne 4. juni i år. Ein mann er no sikta for å ha starta på denne brannen, samt to andre 17. oktober og 22. oktober.

Foto: Egil Torheim

4. juni brann ein einebustad og tre naust ned til grunne. Eigaren bygde opp att einebustaden, men 17. oktober brann nybygget ned igjen.

Det er same familie som har vore råka av dei tre brannane.

LES OGSÅ: Oddbjørn vakna av brann for tredje gong

– Den sikta mannen nektar straffeskuld og avviser at han har noko med brannane på Djønno å gjere, seier Aarsand.

– Han blei observert på garden under brannen natt til onsdag. Kva forklaring har han på dette?

– Eg ønskjer ikkje å gå meir i detalj kring det som har komme fram i avhøyret så langt.

LES OGSÅ: – Mor har vondt for å forstå det