I går blei ein mann pågripen, mistenkt for å ha tent på eit hus på Djønno i Hardanger natt til i går.
– Han er no sikta for denne brannen, samt dei to brannane tidlegare i år, 4. juni og 17. oktober, seier etterforskingsleiar Bjørn Inge Aarsand til NRK.
Mannen vart i dag varetektsfengsla i fire veker.
– Han blei avhøyrt i Odda i går kveld. Me meiner det er fare for gjentaking og at han øydeleggjer bevis, og vil difor be om varetektsfengsling, seier Aarsand.
Den sikta mannen har fått brev- og besøkskontroll i den fire vekers perioden.
Avviser at han har noko med brannen å gjere
Brannen i sauefjøset natt til onsdag denne veka er den siste av fleire brannar på Djønno i Hardanger den siste tida.
4. juni brann ein einebustad og tre naust ned til grunne. Eigaren bygde opp att einebustaden, men 17. oktober brann nybygget ned igjen.
Det er same familie som har vore råka av dei tre brannane.
LES OGSÅ:
– Den sikta mannen nektar straffeskuld og avviser at han har noko med brannane på Djønno å gjere, seier Aarsand.
– Han blei observert på garden under brannen natt til onsdag. Kva forklaring har han på dette?
– Eg ønskjer ikkje å gå meir i detalj kring det som har komme fram i avhøyret så langt.
LES OGSÅ: