33-åring dømd til tvungen psykiatri

I desember i fjor prøvde mannen å drepa ein arbeidskollega. Nordhordland tingrett har dømd han til tvungen psykiatri.

Det var om kvelden tysdag 6. desember i fjor angrepet skjedde, i eit bustadhus på Fedje. Den 33 år gamle mannen knivstakk ein arbeidskollega slik at han fekk fleire kuttskadar i nakken.

Få dagar etter at hendinga skjedde blei mannen sikta for drapsforsøk .

Både mannen som stakk og offeret kjem frå Estland, og dei arbeidde i fjor ved røykeriet på Fedje nord for Bergen.

Psykotisk under knivstikkinga

Då rettsaka starta i byrjinga på juli uttalte aktor i saka at han meinte 33-åringen bør overlatast til helsevesenet . Sakkundige slo då fast at mannen var psykotisk då knivstikkinga skjedde.

No er dommen frå Nordhordland tingrett klar og mannen er dømd til tvungen psykisk helsevern, skriv Bt.no .

Uklart om mannen vil anka

Retten skal ikkje ha vore i tvil om av 33-åringen hadde planar om å drepa arbeidskollegaen han angreip.

Kniven trefte berre nokre få centimeter frå hovudpulsåra til hovudet, skriv avisa.

– Utfallet er ikkje overraskande, seier Kaj Wigum, forsvararen til 33-åringen, til Bt.no. Han opplyser at det er for tidleg å vita om dommen vil bli anka.