Politiet fekk melding om ulukka kl. 03.21 natt til søndag. Mannen velta med ATV i krysset Grindheimsvegen og fylkesveg 542 like ved Mosterhamn på Bømlo.
– Me fekk melding om at ein mann låg i vegen. Etter det me veit var mannen åleine, og det var ingen andre involverte i ulukka, seier Rune Plassen, operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Mannen som er i slutten av 50-åra var ikkje medviten etter ulukka, og vart sendt med luftambulanse til Haukeland Universitetssjukehus.
Søndag morgon opplyser sjukehuset at mannen er alvorleg skadd.
Ifylgje politiet i Sunnhordland er årsaka til ulukka ukjend. Undersøkingar gjort på staden gir ingen klare svar. Ulukka vil bli etterforska av Bømlo lensmannskontor.
– Me veit framleis lite om kva som skjedde. Det er sikra naudsynte prøver for å eventuelt bekrefte eller avkrefte om mannen var rusa, seier Plassen.