Hopp til innhold

Har aldri målt sterkare vindkast

«Nina» kom med dei sterkaste vindkasta som nokon gong er målt i Bergen.

Ekstremværet Nina treffer Skuteviken i Bergen

SKUTEVIKEN: Høge bølger i Bergen sentrum under «Nina».

Foto: Merete Teigland Mellingen / 03030-tipser

Slåtterøy fyr

SLÅTTERØY FYR: Ein middelvind på heile 33,8 m/s var det på Slåtterøy fyr i Bømlo kommune under «Nina».

Foto: visitnorway.com

«Nina» har sett sitt tydelege preg på Vestlandet dei siste dagane. No er meteorologane sin fasit for ekstremværet klar.

– Hordaland vart hardast ramma, men også Sogn og Fjordane, Rogaland og Agder-fylka hadde sterk vind. Det var nok aller mest vind på Slåtterøy fyr i Bømlo, seier statsmeteorolog Kristin Seter.

Kristin Seter

STATSMETEOROLOG: Kristin Seter er statsmeteorolog.

Foto: Kamilla Pedersen / met.no

I 2007 vart middelvinden på Slåtterøy målt til 35,8 m/s, og vindkasta til 47,6 m/s. Med ein middelvind på heile 33,8 m/s og vindkast på 44,7 m/s under «Nina», er dette nært rekorden.

– Du kan prøve å sjå for deg at du kastar noko som fyk 33,8 meter av garde på berre eitt sekund. Det er ganske stor fart, og det er klart at vind som er så kraftig gjer stor skade, seier Seter.

– Uvanleg i Bergen

I Bergen var også vinden svært sterk under «Nina», og Florida var den plassen det var sterkast vindkast, med kast på heile 37,7 m/s.

Så sterke vindkast har aldri vore målt sidan ein starta med timesmålingar i 1997.

Middelvinden på 21,8 m/s er den fjerde sterkaste som nokon gong er målt.

Utleieleilighet Nattlandsfjellet

BLÅSTE VEKK: Ei leilegheit blåste vekk på Nattlandsfjellet i Bergen.

Foto: Rune Møklebust

– Så mykje vind er veldig uvanleg i Bergen sentrum. Det var litt meir under stormen i 1994, ein storm som gjorde at ei oljeplattform som låg i Puddefjorden losna og dreiv inn i Puddefjordsbrua, seier Seter.

– Det vart større skadar då, men under «Nina» vart det også portforbod i Bergen sentrum, mykje på grunn av at det losna delar frå taket på blant anna Sentralbadet. Det var veldig farleg å opphalde seg ute, konstaterer meteorologen.

Store bølger

Bølger på Karmøy

KARMØY: Bølgene vart svære på karmøy, og på Utsira vart det målt vindkast på 44,7 m/s under «Nina».

Foto: Torstein Nymoen / Tips

Det har tidlegare blitt målt orkan på Slåtterøy fyr i september 1969, november 1981, og januar 1994. Det har også blitt målt orkan på Hellisøy i Fedje kommune i 1979.

– Sterk vind piska opp sjøen, og bygde opp enorme bølger. I tillegg hadde me eit veldig lågtrykk i senter av stormen under «Nina», og det heva vassflata og me fekk veldig høg flo. Alt dette gir til saman veldig store skadar, seier Seter.

Bølger under ekstremværet Nina

BØLGER: Store bølger og mykje vind under «Nina».

Foto: @lukshas

Ho seier vêrvarslinga er nøgde med å ha varsla ekstremværet breitt og tidleg.

– Det gjorde at folk var førebudd på kva som kom, seier ho.

Store bølger slår kraftig inn om mot land og bygninger i Rosendal.

SJÅ VIDEO: «Nina» herjar i Rosendal. Videoen er frå laurdag 10. januar.