Hopp til innhold

Arbeid til alle er jobb nummer ein

Magne Rommetveit har vore ordførar på Stord i 16 år. Nå søkjer han nye utfordringar.

Magne Rommetveit
Foto: Arbeiderpartiet

– Kva meiner du det er viktigaste å ta fatt i helsevesenet i Hordaland?

– Sikra gode akuttfunksjonar for folk i heile fylket inkludert fødetilbod.
Få Hordaland i front ved iverksetjing av Samhandlingsreforma. Satsa førebyggjande og på rehabilitering

– Kva meiner du må til for å løyse køproblema i Bergensområdet?

– Byggja ut bybanen ytterligare slik at han vert føretrekke av fleire brukarar
Gjer anna kollektivtransport meir attraktiv ved pris- og ruteopplegg.
Fjerna/utbetra flaskehalsar i vegsystemet

– Kva meiner du om kraftlinjer gjennom urøyrt natur?

– Må helst kablast i sjø, eller på land der dette ikkje skapar for store sår i landskapet. Må i nokre tilfelle tåla nye liner i urørt natur, særleg der desse kan erstatta fleire gamle ineffektive og endå meir estetisk skjemmande liner.

– Kva har vært avgjerande for DITT partival?

– Trua på fellesskapsløysingane og fokuset på at me må både skapa og dela.

– Kva sak er den viktigaste for DEG å kjempe for dei neste fire åra?

–At industri og anna næringsliv i Hordaland har ei utvikling som sikrar arbeid til alle.

– Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

– Viktig at ein har same politiske grunnsyn og nokså lik visjon for kva slags samfunn me vil ha.

– Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Eg har politisk bakgrunn for å kunna samarbeida med alle, men dei raudgrøne og resten av sentrum er dei mest nærliggjande. Likevel vil det i einskildsaker kunna samarbeidast breiare og noko på tvers.

– Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Frp og Høgre.