Hopp til innhold

Må brenna for å bevara

Lyngheier er ein av dei mest utryddingstruga naturtypane i Europa.

Video Lyngbrenning

Lyngbrenning

Direktoratet for Naturforvalting kom nyleg med ein eigen femårsplan for lyngheier. Der blir det slått fast at brenning er viktig for å bevara lyngheier.

Biolog Mons Kvamme jobbar med å foreta kontrollert brenning av lyngheier. Han har i vår reist rundt i heile Noreg, men vêret har skapt problem for han.

– Det har vore mykje snø, så var det regn og vått. Kvar gong det starta å tørka byrja det å regna igjen. Me har fått brent mindre i år enn det me brukar å gjera, seier Kvamme.

I dag var siste sjanse for brenning denne sesongen. Etter 15. april er det bålforbod, og då kan ikkje Kvamme halda fram.

– Me brenn for å få vekk den gamle lyngen og få ny lyng som stort sett produserer blader som sauene kan leva på, seier Mons Kvamme.